Alt er ikkje idyll i samanslåinga mellom Ølen og Vindafjord, trass i at konfliktane så langt har vore godt skjulte under overflata. Den bitraste striden har så langt stått om den nye kommunen skal ha eit sjølvstendig landbrukskontor slik Vindafjord har i dag. Det var ein hektisk maktkamp før prosjektleiar og komande rådmann Helge Thorheim fekk viljen sin.
Landbrukssjef skvisa
Frå at landbruket har ein sterk posisjon i Vindafjord kommune i dag, blir det ein ingeniør som blir sjef og skal rapportere om landbruket til rådmannen i nye Vindafjord. Landbrukskontoret er slått saman med blant andre plan og byggjesak.
Bygningssjef Kjell Kjærland i Vindafjord kommune er tilsett som leiar for den nye etaten. Også landbrukssjef Arne Risøy i Vindafjord og leiar for plan, bygg og landbruk i Ølen, Gisle Heggebø, søkte på denne sjefsjobben saman med Kjærland.
Både landbrukskontoret i Vindafjord, bondeorganisasjonane og fleirtalet av politikarane i Vindafjord kjempa med nebb og klør for å oppretthalde eit sjølvstendig landbrukskontor. Men prosjektleiar Helge Thorheim var ikkje til å rikke i dette spørsmålet.
Det som i ettertid blir framstilt som eit kompromiss, er at avdelinga endrar namn frå plan og bygg, til landbruk. I utkastet stod landbruk som undertekst.
Stor landbrukskommune
Leiaren i Vats bondelag, Arve Mjølhus, legg ikkje skjul på at næringa er skuffa over at landbruket er vengeklippa som sjølvstendig avdeling i den nye kommunen.
— Eg ser store fordelar av å ha eit eige landbrukskontor i det som blir fjerde eller femte største landbrukskommunen i landet målt etter dyretettleik. Det er viktig å halde oppe eit eige miljø som vinklar på landbruk og tar vare på desse interessene. Eg er redd for at landbruket blir nedtona etter denne samanslåinga. Det hjelper lite at ein endrar namnet til landbruk når ein ser på dei faktiske endringane, seier Mjølhus.
Han er blant dei som har pressa på overfor politikarane, men altså ikkje nådd fram.
— Ein så stor landbrukskommune burde heller prioritere landbruket opp og profilere denne næringa sterkare. Dei har alt prøvt ei slik organisering i Ølen, og eg trur ikkje det har vore til fordel for bøndene, seier Mjølhus.
Blir underordna
Ølen har i fleire år hatt landbrukskontoret innlemma i teknisk etat, og har dermed fått gjennomslag for denne modellen. Felles for begge er at det som før var landbrukssjef, blir underordna i avdelinga, medan andre kompetanseområde har sjefsjobben.
Det mildna ikkje striden at bibliotek (2), psykiatri og kulturskulen er blitt sjølvstyrte einingar som rapporterer til rådmannen. Landbruk var derimot for uviktig til å overleve som eiga eining. Landbruksinteressene har argumentert for at dei representerer ein kultur som er forskjellig frå teknisk etat.
Det er rådmannen og partssamansett utval i den nye kommunen som i realiteten har vedtatt den nye organiseringa med vide fullmakter.
Trur på synergi
Prosjektleiar Helge Thorheim i nye Vindafjord trur heller det blir ein fordel for landbruket at landbrukskontoret er slått saman med plan og byggjesak.
— Tanken er at dei arbeider med ein del tema som er felles, til dømes plan, og at dei kan dra nytte av eit felles miljø. Det kan gi synergieffektar som også blir til fordel for landbruket. Vi får meir igjen per krone. Det er ubegrunna frykt at landbruket skal bli nedprioritert, seier Thorheim.
Han ser heller ikkje at det er ei nedprioritering at ein ingeniør blir plassert som sjef over landbruk, ei heller at ein eigen kultur rundt landbruket kan bli broten opp.
— Vi tilset den som vi finn best kvalifisert til å leie. Leiaren skal ta i bruk kompetanse i ulike felt, og han skal ikkje utføre dette arbeidet sjølv. Slik er leiaransvaret på landbrukskontoret i Vindafjord i dag også. Vi skal ikkje ha fleire forskjellige kulturar i kommunen, men den som blir fastsett av kommunestyret, seier han.
Han har ikkje konkludert om kva som har skjedd i Ølen etter at landbruket vart innlemma i teknisk etat, men viser til at Ølen har prioritert ressursane annleis enn Vindafjord.
Kor mange tilsette avdelinga med plan, byggjesak og landbruk skal ha, er ikkje avgjort. Heller ikkje den detaljerte organiseringa.