— Har vårt på det tørre

—Me meinar at me har vårt på det tørre. Me ordna oss enkeltløyve til skjenking […]

—Me meinar at me har vårt på det tørre. Me ordna oss enkeltløyve til skjenking av alkohol nede på kaien, og gjorde alt som skal gjerast før eit slikt arrangement. Det einaste som kanskje kan diskuterast, er dette med reklame. Eg er forundra over at nokon lagar ein slik sak om til noko så negativt, det har eg mange i bygda med meg på. Det handlar om kjempereklame for bygda. Me er ikkje ei konjakk–bygd, men ei Erling Skakke–bygd. No som denne saka er blitt såpass omdiskutert kan me ikkje lenger nemna Erling Skakke i Etne, for no blir namnet berre assosiert med konjakk, det synes eg er forferdelig dumt, seier ordførar Amund Enge.

Negativ til arrangementet
Dei fleste i formannskapet syntes at konjakklanseringa var god reklame for Erling Skakke og Etne, berre Liv Tungesvik (KrF) var negativ til arrangementet. Formannskapet diskuterte saka på tysdag.
— Er all reklame god reklame? Eg har høyrt mange seia at det er bra at det er kome reaksjonar på denne alkohollanseringa. Eg fryktar at kommunen med dette gjer signal til både unge og eldre om at konjakk er gode saker, sa Liv Tungesvik.

Sakna ein diskusjon
Siri Klokkerstuen (Ap) syntes at ordføraren kunne ha teke konjakklanseringa opp i formannskapet før arrangementet fann stad.
— Hadde me gjort det, hadde alle fått høve til å få fram sine meiningar om arrangementet. Det er kjempeviktig at me er ryddige i ei slik sak, sa Siri Klokkerstuen.
Dette sa både Ingvor Gundegjerde (Sp), Kristoffer Vannes (Ap) og Therese Lundal (H) seg einig i.
— Eg synes det er synd at noko ein meinar noko positivt med, vert teke opp så negativt. Men det er klart at dersom me har brote reglane, må me læra av det. No skal eg gå å kjøpa meg Skakkebrød, det var i alle fall knallgodt!, sa Kristoffer Vannes (Ap).
Reidar Ebne (Frp) takka ordføraren for invitasjonen til konjakklanseringa.
— Det var ikkje berre vårt arrangement, påpeika Amund Enge.
— Eg var sikker på at det var Etne kommune som baud inn til dette selskapet eg, sa Reidar Ebne (Frp).