Har venta lenge nok på idrettshall

Men aller viktigast er idrettshall, meiner Arild Selland og Runar Rosseland som begge er aktive […]

Men aller viktigast er idrettshall, meiner Arild Selland og Runar Rosseland som begge er aktive i fotball.
Dei er mest opptatt av at Etne får ein fleirbrukshall, men seier som Ole Brumm ja takk begge deler. Men med ein prislapp på 55 millionar kroner totalt, er dei redde for at det kan bli eit for tungt løft økonomisk.
— Når vi driv innan fotball og idrettsaktivitetar, er det naturleg nok idrettshallen som er viktigast for oss dersom ein skal prioritere. Så egoistisk bør ein kunne vere. Men ingenting ville vere betre enn at Etne klarer begge delar, seier Arild Selland og Runar Rosseland.
Skrikande behov
Dei speler begge fotball, og Arild Selland er også trenar i aldersbestemt fotball.
— Gymsalen på skulen er sprengt. Idrettshall er noko vi har snakka om i alle år. No er tida inne for at det blir noko av slik at Etne får eit tilbod dei fleste andre har, meiner Selland.
— Det er ingen tvil om at ein fleirbrukshall ville bli mykje brukt og dekkjer fleire behov. Eg er heller ikkje redd for at gymsalen på skulen blir ståande ledig. Hallen vil gi eit langt betre tilbod for dei som er aktive i dag, og ei rekkje idrettar vil kome meir på banen. Den vil opne opp for handball og volleyball, og vi kunne få plass til tennis og badminton, seier Rosseland.
Opptar unge
Spørsmålet om idrettshall er kome så høgt opp på banen at politikarane i Etne må vere med på å føre planane vidare og ta sin del, meiner dei. Dette er eit spørsmål som opptar mange unge, har dei inntrykk av.
— No er det brukt mange pengar på skular og eldreomsorg. Fritidstilboda må stå for tur. Det handlar om framtida for bygda sidan det må vere attraktivt å bu her. Det er på tide å modernisere kommunen vår litt, seier Selland.
Dei meiner aldersgruppa deira bør lyttast til, sidan dei høyrer til generasjonen som skal vere med å bere dei økonomiske byrdene av investeringane.
— Eg trur ikkje det er lurt å rekne med for mykje dugnad for å få dette til. Det er mykje dugnad i dag i med Etnemarknaden og Etnecup, og det er spørsmål om det er råd å hente ut meir, seier Rosseland.
Så fort som mogleg
Fotballentusiastane vil ikkje skyte eit skot for baugen til kulturhuset. Men dei har fått med seg debatten der enkelte meiner kommunen har så dårleg råd at det berre er plass til idrettshall, og ferdig med det.
— Blir det ei prioritering, er den lett for oss. Men vi er heller ikkje mot heile pakken med kultur og bibliotek. Begge deler ville vere eit trekkplaster for bygda som er viktig for framtida. Fordelen med kulturhus er også at samfunnshuset vil få ei finare fasade. Heile prosjektet vil bli eit løft for området i samanheng med skulen, seier dei to.
Men dei er utolmodige og vil at prosjektet skal starte så fort som mogleg, og at idrettshallen blir bygt først. At hallen skal stå ferdig i 2010, er alt for lenge å vente, meiner Arild Selland og Runar Rosseland.