Har Vindafjordhallen ei framtid?

Personleg meiner eg avisa ikkje er staden å gi signal ein elles kan formidla direkte […]

Personleg meiner eg avisa ikkje er staden å gi signal ein elles kan formidla direkte i rette fora. Men – på vegne av lokale og sentrale samarbeidande tenesteytarar, brukargrupper og interesseorganisasjonar i «Frå kvile til kick!»-prosjektet, til orientering for lokalsamfunnet og Vindafjord-politikarar som hadde tru på og bakka opp «Frå kvile til kick!»-satsinga, og for eigen del som tidlegare prosjektleiar av «Alternativ framtid for Vindafjordhallen», finn eg det likevel denne gongen – på privat grunnlag – rett å koma med ei utgreiing offentleg. Er det etter dette behov for vidare info., vil den frå mi side ikkje gå i avisa, men i aktuelle fora.
Etter nokre års forarbeid var «Frå kvile til kick!» (heretter FKK) klar for realisering i 2002. Av samarbeidande fagpersonell, brukargrupper og organisasjonar på lokalt og sentralt nivå, vart FKK sett på som eit attraktivt verktøy for effektiv næringsutvikling og ressursutnytting m.a. av private og offentlege helsetilbod og tenester overfor grunnskulen, og med potensiale til realisering i fleire lokalsamfunn i Norge. FKK vart oppmoda om å søkja pilotprosjektstatus på nasjonalt nivå, og med det m.a. få tilført ekstraordinære prosjektmidlar. I juni 2002 gjekk SND / Innovasjon Norge inn i prosjektet, i første omgang med tilskott til underteikna personleg som idèhavar og initiativtakar.
I desember 2002 vart det signalisert interesse for FKK frå Vindafjord kommune, og FKK´s samarbeidspartnarar fann Vindafjordhallen og Nedre Vats av interesse. Den 01.03.2003 tok eg på meg prosjektleiaransvaret for «Alternativ framtid for Vindafjordhallen», og lokal tilpassing av FKK vart i gangsett. Den 03.09.2003 stemte representantskapet i Vindafjordhallen, og den 09.09.2003 stemte Vindafjord kommunestyre for FKK-satsinga og tilhøyrande intensjonsavtale mellom kommunen og investor.
Via min posisjon som prosjektleiar tok FKK-relaterte tenesteytarar og brukargrupper initiativ til eit ope og konstruktivt samarbeid med lokalsamfunn, offentleg og privat sektor og investor. Målet var, over tid etter «stein på stein»-prinsippet, å byggja opp monaleg aktivitet i og ved Vindafjordhallen i samarbeid med lokalsamfunnet og i trå med intensjonen i det kommunale prosjektet «Alternativ framtid for Vindafjordhallen».
Etter ei tid signaliserte investor at dei ikkje lenger hadde FKK-prosjektet med i sine planar, og det kommunale prosjektleiarengasjementet hadde etter det ingen praktisk funksjon. Med det var potensialet for monaleg verdiskaping gjennom FKK eliminert frå Vindafjordhallen og Nedre Vats. (Andre lokalsamfunn vert vurdert for FKK.) Det var så opp til investor og hans folk å fylla Vindafjordhallen med eigne alternativ …….
Ut frå målsetjinga med prosjektet «Alternativ framtid for Vindafjordhallen», eit næringsstrategisk synspunkt og erfaringa som prosjektleiar, gjev eg mi støtte til skeptikarane som står ope fram i Grannar av 23. d.m..
NB! Men kanskje kjem investor med ei positiv overrasking i 11. time, og med det gjer all uro ugrunna?
Som rådmannen i Vindafjord, Gerd Ingunn Opdal, nemner i Grannar av 23. d.m., dokumenterer prosjektarbeidet i «Alternativ framtid for Vindafjordhallen» fleire alternativ til verdiskaping.
Også ved ei generell effektivisering i samfunnet, som t.d. samanslåing av kommunane Ølen og Vindafjord, meiner eg bestemt at Vindafjordhallen ligg som eit attraktivt og naturleg midtpunkt, og inviterer til effektiv privat og offentleg tenesteyting. – (Eit innspel til Helge Torheim som prosjektleiar for samanslåing av kommunane?)
Det er difor med glede eg registrerer at tilsette og styret i Vindafjordhallen, politikarar og einskildpersonar no viser stor innsatsvilje for Vindafjordhallen i samarbeid med / i tillegg til investors engasjement. Ikkje dvel ved, men lær av fortida. Stå på, målretta, steg for steg.

Jo visst har Vindafjordhallen ei framtid!
Lukke til!

Edvard Skotte Fatland, Etne