Hardt skadd i kollisjon
Trafikkulukka vart meldt til politiet rundt klokka 16.15 onsdag ettermiddag. Tre personbilar var involverte i […]
Trafikkulukka vart meldt til politiet rundt klokka 16.15 onsdag ettermiddag. Tre personbilar var involverte i ulukka der til saman fem personar vart skadde, ein av dei lettare skadd.
— Ein bil med fire personar i som var på veg vestover kom over i feil køyrebane og skrella først i ein bil, og frontkolliderte så med den neste. Vi veit enno ikkje noko om kvifor bilen kom over i feil køyrebane, opplyser politibetjent Han Gunnar Meland i Etne og Vindafjord lensmannsdistrikt.
To helikopter
Det var i denne bilen det sat fire personar, og som vart mest skadde. I bilen var eit ektepar frå Førresfjorden i Tysvær og eit spansk ektepar. Ei kvinne vart frakta med helikopter til sjukehuset i Stavanger med alvorlege skadar, medan den andre kvinna vart transportert i legehelikopter til Haugesund sjukehus. Dei to mennene i bilen vart køyrde i ambulanse til Haugesund sjukehus, og sjåføren var lettare skadd.
Dei to andre bilane frå Etne var på veg mot Etne då ulukka skjedde. Den eine er lettare skadd, medan det andre er uskadd.
E134 var heilt stengt i over halvannan time på ulukkespunktet, men personbilar vart omdirigerte på gamlevegen ved Osvåg.