Hatteland sel ut

— I dag er Hatteland spreidd på fleire områder. Det var viktig å kome over […]

— I dag er Hatteland spreidd på fleire områder. Det var viktig å kome over i ein ny eigarkonsentrasjon, ikkje minst med tanke på finansieringa av oppbygginga av produksjonseininga Hatteland Display skal gjera i Polen. Ferd Private Equity Fund II har 4,2 milliardar i kapital, og dermed kan kjøparane også vera med til dømes å finansiera andre oppkjøp og satsing i utlandet. Det er trygt å ha det største norske fondet i ryggen, seier konsernsjef Knut Vidar Lauritsen i Hatteland Display til Grannar.
Han trur ikkje det på kort sikt blir merkbart at Hatteland Display har fått nye eigarar.
— Dei tilsette vil framleis dela kantine og eg håpar me klarar å ivareta det nære forholdet selskapa imellom også i framtida, seier Lauritsen.
— Kortsiktig vert det ikkje synleg i andre samanhengar enn i styresamansetjinga, seier han.
Også Managing Partner Gert Munthe i Ferd Equity Partner er nøgd med oppkjøpet.
— Selskapet har gjennom sine produkt og sitt sterke fokus på kunnskap og kvalitet etablert ein sterk posisjon innan display til maritim industri, og me seg gode moglegheiter til vidare vekst. Selskapet passar såleis godt inn i vår investeringsstrategi, seier Munthe i ei pressemelding.