Haugesundarane blei for tøffe

4. div menn avd.02 Djerv 1919-Etne 5-2 (3-1) Målscorarar for Etne: Ove Straumsøy (10. min) […]

4. div menn avd.02
Djerv 1919-Etne 5-2 (3-1)
Målscorarar for Etne: Ove Straumsøy (10. min) og Henrik Svendsen (51. min)

— Det var litt for mykje feriefotball. Det var varmt i vêret og det var nettopp på an igjen etter ferien, seier Etne-trenar Martin Moe.
Han var naturleg nok ikkje nøgd med tapet mot Haugesunds-laget då Etne spela sin første kamp fredag i haustsesongen.
Djerv 1919 leiar avdelinga, og Moe ser ikkje bort i frå at laget er i stand til å rykka opp i 3. divisjon.
God start
Etne starta haustsesongen friskt. Allereie etter ti minutt fekk Ove Straumsøy inn ein fulltreffar og sende Etne opp i leiing.
— Me hadde faktisk forholdsvis god kontroll til å byrja med, men så kjørte dei over oss, seier Moe.
Kort tid etter pause og på stillinga 3-1 fekk Etne straffe og då Henrik Svendsen skaut ballen i mål, hadde Etne litt kontakt med Djerv 1919 igjen. Etne klarte derimot ikkje å følgja med og haugesundarane blei for sterke.
— Eg mister ikkje nattesøvnen av dette. Laget kan mykje meir enn dei viste fredag, seier Moe.
GrannKam spelar sin første kamp etter ferien i dag når dei møter Kolnes i Ølen.