Haugesunds Avis og Rundhovde-saka

Dette er sjølvsagt ikkje rett. Det er heller ikkje rett at avisa har hevda at […]

Dette er sjølvsagt ikkje rett. Det er heller ikkje rett at avisa har hevda at AK har «forsynt» seg av millionane til Endre Rundhovde eller at han har utført lovbrot.
Innsendarane gjer vidare eit stort nummer av at Haugesunds Avis i over 70 artiklar skal ha gjort AK til syndebukk. Det er rett at saka har kravd mykje spalteplass, men i ei så omfattande sak har det vore naudsynt. For kort å koma med nokre døme på omfanget, så har saka mellom anna handla om ein tidlegare ordførar som var rådgjevar og hadde fullmakter i svært mange av Rundhovde sine selskap, det har vore konkursar, arbeidstvistar, sparka hotelldirektørar, feilslåtte investeringar, ein tidlegare ordførar som bilseljar, millionuttak nyårsaftan 2001 og mykje anna.
Me har forståing for at slik omtale kan opplevast vanskeleg. Vanskeleg har det og truleg vore for Rundhovde, hans næraste og andre omtalte.
Når det gjeld AK, så har Haugesunds Avis i mange år omtala han både i samanheng med hans rolle som dagleg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, som Ap-politikar og ordførar i Kvinnherad. Eit søk i avisa sitt arkiv viser opp mot hundre artiklar i året der han er nemnt, også før Rundhovde-saka.
For å imøtegå det harde utfallet frå innsendarane kan det vera greitt å gå attende til utgangspunktet for saka. Endre Rundhovde hadde seld oppdrettskonsesjonar og hadde tent over 50 millionar. AK, som på denne tida var ordførar og dermed også næringssjef i Kvinnherad kommune, blei sterkt knytt til oppdrettspioneren og hans mange forretningar og selskap. Både gjennom vide fullmakter og som representant i fleire styre, vart AK på mange måtar ein av hans næraste rådgjevarar.
At AK hadde slike fullmakter var ikkje kjent før Haugesunds Avis tok opp saka. Ikkje eingong kommunestyret eller formannskapet i Kvinnherad visste om at ordføraren direkte eller indirekte var involvert i næringsverksemd i nabokommunar. I eit lesarinnlegg i Haugesunds Avis 29. juli 2002, gjorde også AK sjølv eit poeng av at han berre uttala seg som styremedlem i Rundhovde-selskapet som kontrollerte Skånevik Fjordhotell. I realiteten hadde han 14 dagar tidlegare fått fullmakta som sikra han kontroll over holdingselskapet samt alle eigarinteresser Rundhovde sat med.
Det er denne dobbeltrolla og det som skjedde med selskapa, Haugesunds Avis har sett søkelys på og som var utgangspunktet for saka. I ettertid har det kome fram at Rundhovde-familien prøvde å koma i dialog med AK, men blei avviste med grunngjevinga forretningsløyndomar. Familien såg seg nøydd til å engasjere ekstern hjelp (Njål Kolbeinstveit) som meinte at ein god del av pengane som blei brukte på investeringar, blant anna i Skånevik og på Bømlo, burde vore sett av til skatt.
Finansrådgjevar Kolbeinstveit såg tidleg kva som ville skje, og fekk rett. Endre Rundhovde vart slått personleg konkurs. Kolbeinstveit har også dokumentert at mellom 10 og 15 millionar kroner av Rundhovde si formue ikkje kan sporast. Også dette har me skrive om. Haugesunds Avis har samla inn store mengder dokumentasjon, og til saman er over 100 ulike kjelder nytta i arbeidet med denne saka. Me har heile tida hatt eit klårt blikk på «Ver varsam-plakaten», nytta ekstern hjelp, også juridisk, og har vist omsyn i høve til kva som har kome på trykk. Me har også tilstreva å la alle partar koma til orde. Me er til og med blitt takka av AK for å ta slike omsyn.
Det har vore mange politianmeldelsar i saka. Nokre er avslutta, andre er framleis til behandling. Også underskrivne er melde til politiet; ei sak som blei lagt bort som intet straffbart. Bustyrar i den personlege konkursen til Rundhovde har framleis ikkje avslutta sitt arbeid. Hans mål er å skaffa pengar til konkursbuet til Endre Rundhovde, og ikkje etterforska AK. Kva som kjem ut av dette vil framtida vise.
Same kva resultatet blir, så meiner me at det har vore vår jobb å setja søkelyset på Rundhovde-saka. Hadde me ikkje gjort det, ville me svikta vår oppgåve som journalistar.

Arne Frøkedal og Joar Grindheim,
journalistar i Haugesunds Avis