Haugesundsruss tilstod griseri

Med ein tidleg biltur i seks-sju tida på morgonen tysdag, la sju blåruss frå Haugesund […]

Med ein tidleg biltur i seks-sju tida på morgonen tysdag, la sju blåruss frå Haugesund ut på tur til Ølen vidaregåande skule for å gjere årets fyrste russesprell. På Knapphus bensinstasjon fekk dei tak i mjølkeprodukt og toalettpapir som dei seinare brukte til å grise til rundt inngangen på Ølen vidaregåande skule.
— Det blir ikkje akseptert at folk skal gjere slikt som dette, seier Ingrid Søndenaa, rektor ved skulen. Saka blei meldt til politiet og det tok ikkje lang tid før det lokale lensmannskontoret hadde spora opp gjerningsmennene. Overvakingskamera på Knapphus bensinstasjon hadde fanga opp personane, som raskt let seg identifisera.
— Når det skjer slikt som dette, må me til botn i saka. Me har fått god hjelp frå politiet, men etter ei stund fekk eg også tilståinga på telefon, seier Søndenaa. Ein av personane som hadde vore med på griseriet, ringte frå rektor sitt kontor på Vardafjell VGS og tilstod ugjerninga, seier Søndenaa og fortel at som passe straff må dei ut med 5.000 kroner, som skal gå til Ølen vidaregåande skule sitt Ukraina-prosjekt.
— Alternativet var at kvar av dei sju måtte ut med maks 3.000 kroner i bot. Dei angra på det dei hadde gjort og tykte 5.000 kroner var heilt i orden som straff, seier Søndenaa.
— Det er flott at russen har det kjekt, men det er mange andre måtar å ha det kjekt på enn å grise med mat på denne måten, seier rektoren.
Fleire av raudrussane ved skulen i Ølen tok eit tak utpå skuledagen, og vaska bort det som var tilgrisa, til stor glede for rektor.
— All honnør til dei, seier ho og er glad for at saka nå er oppklart.

Slo til igjen
Eggkastarar var på ferde på Ølen vidaregåande skule natt til fredag igjen, melder politiet i Ølen. Kring 50 egg hadde grisa skulen til nok ein gong. Tilbake låg eit visittkort der det stod at «Lundanese var her» – noko som slett ikkje treng bety at det var elevar frå Lundaneset vidaregåande skule som hadde vore på ferde. Politiet hadde i går ingen mistenkte i denne siste episoden med tilgrising av skulen i Ølen.