Haukelitunnellane til regjeringa

Hordaland Vegkontor stengde nærast utan forvarsel Haukelitunnellane for vogntog over 4 m, til tross for […]

Hordaland Vegkontor stengde nærast utan forvarsel Haukelitunnellane for vogntog over 4 m, til tross for at vogntog opp til 4,2 m har trafikkert desse tunnellane i mange år.  Samtidig pressa dei denne trafikken inn gjennom Hardanger på dei elendige vegane som er der, og fekk bevilga 25 mill. for å justera tunnellane opp for 4,1 m vogntog.  Dette er gjort utan nokon form for konsekvensanalysar, og til tross for at Haukelitunnellane nærmast har vore fri for ulukker i alle år!
At Hordaland Vegkontor over natta stengjer av transportåra mellom heile Haugalandsområdet og Austlandet er fullstendig uakseptabelt.  Dei sette her heile transportnæringa og ikkje minst næringslivet elles i ein fortvila situasjon.  Kostnadsauke på millionbeløp vart umiddelbart synleggjort frå næringslivet i området med den konkurransevridninga dette medfører.
Hordaland Vegkontor si handsaming av denne saka er under all kritikk.  Utan eingong å ha synleggjort problemet for politiet eller i revideringa av Nasjonal Transportplan, står etaten utan argument att i saka etter Samferdselskomiteen si høyring.  Hordaland Senterparti meiner difor at Hordaland Vegkontor står att utan tillit i saka om høgdeavgrensningar i Haukelitunnellane, og i tillegg har etaten vore sterkt medverkande til å svekka omdøme til den offentlege forvaltninga.
Hordaland Senterparti krev difor at Hordaland Vegkontor straks set ut i livet innhaldet i Hordaland Fylkesting sitt einstemmige vedtak av 15.12.04 vedk. E134 og Haukelitunnellane.
Uttale frå Hordaland Fylkesting datert 15.12.04
 Fylkestinget ber Regjeringa ved bruk av avbøtande tiltak, straks å sørgja for at sambandet mellom Aust- og Vestlandet E134 over Haukeli vert halde ope for tungtransport med høgde opp til 4,20 meter.
Hordaland fylkesting er uroa over trafikkfårlege situasjoner som ein konsekvens av for låge tunnellar.
Lage omkøyringsvegar som følgje av for låge tunnellar på E134 er konkurransevridande for næringsliv og transporttørar som har denne traaseen som sitt naturlege val.  Fylkestinget kan ikkje godt dette.
Hordaland fylkesting er glad for at vegkontoret no syner vilje til å finna løysing og utbetringstiltak knytt til E134.  Gjennomføringa av desse tiltaka vil ta litt tid og fylkestinget oppmodar vegkontoret til å finna praktiske løysingar inntil tiltaka er sette i verk for å unngå konkurransevriding for næringslivet.  

Hordaland fylkesting