Haukelivegen

Ved inngangen til fellesferien i sommar, opna Liv Signe Navarsete Rullestadtunnelen. I sin opningstale sa […]

Ved inngangen til fellesferien i sommar, opna Liv Signe Navarsete Rullestadtunnelen. I sin opningstale sa ho mellom anna at det er for ungane og framtida me byggjer veg. — Det er på den måten me byggjer landet, sa ho, før ho slo ljåen gjennom silkesløyfa og opna Rullestadtunnelen for trafikk.
Det var ei historisk hending. Med den hye tunnelen er ein av dei største, og farlegaste, flaskehalsane på Haukelivegen borte. Men det står likevel mykje igjen, før hovudåra mellom Haugesund og Drammen har fullverdig standard.

Haukelivegen har ei lang historie. I boka «Haukelivegen», trekkjer Åsulv Edland historia tilbake til borgarkrigstida på 1100-talet. Det mest handfaste beviset på ferdsla mellom aust og vest over Haukelifjell, er då opprørshøvdingen Gregorius Dagsson rømde over fjellet frå Grenland til Etne, der han søkte ly på kongsgarden til Erling Skakke. Historikaren Eivind Kvaalen meinte reiseruta til Gregorius Dagsson var Vinje – Røldal – Seljestad – Jøsendal – Skromme – Stordalen – Etne. Altså same traseen som vegen følgjer i dag.
Seinare blei Haukelivegen nytta til pilegrimsveg til Røldalskyrkja, og handels- og bufeveg mellom aust og vest.

Frå den tid, og fram til dagens Europaveg, har det stått mange slag om framdrift og vegmidlar. Ein kamp som enno ikkje er vunnen. Det ser ut til at det må stridast om kvar einaste centimeter på denne ferdslevegen, som er minst like viktig i dag som for snart 1000 år sidan. Nå står det om å få tunnhøgdene til å stetta dagens krav.
Dersom samferdsleminister Navarsete meinte det ho sa på Rullestad, om at det er for ungane og framtida me byggjer veg, har ho berre ein ting å gjera; det er å gi regionvegsjef Torpp dei nødvendige pengane slik at arbeidet snarast kan starta opp.
Fleire enn oss bør seia tydeleg frå at nå er tolmodet slutt og at nok er nok.