Haust

Me får kalde vindar frå aust og nord. Det verte store bølger i vikar og […]

Me får kalde vindar frå aust og nord.
Det verte store bølger i vikar og fjord.
Blomane i hagen dei visnar nå ned,
og inn me hentar både frukt og bær.
Skogen står med sin fargeprakt,
men snart tar den på seg sin vinterdrakt.
Sommaren fer frå oss så fort,
til soli me såg ikkje stort.
Nå vert det korte dagar, og ein long kveld.
I stova vert det kaldt så me gjera opp eld,
og høyra når det i veden sprakar og smell.

Ingvald Åsheim