Hausta medaljar på Bremnes

I veteranklasse V73 gjorde ølenskyttarane reint bord med å ta dei tre førstee plassane. Meisterskapsmedaljen […]

I veteranklasse V73 gjorde ølenskyttarane reint bord med å ta dei tre førstee plassane. Meisterskapsmedaljen i klassen gjekk til Olaf Øvrevik med resultatet 41/9, 2. plassen til Knut Trovåg med 41/7 og 3. plassen til Johan Opheim med 39/2. Ein flott innsats av dei trufaste veteranane som alltid stiller opp og alltid er like blide.
På meisterskapen på grovfelten gjekk sølv- og bronsemedaljen til høvesvis Arne Leknes og lagkammeraten Roar Knutsen frå Skånevik. Både stoppa på 40 treff, og dei måtte avgjera rekkjefølgja seg imellom med omskyting. Blant ungdommane var det Sondre Tesdal Galtung frå Etne i kl. Rekrutt som gjorde det best med 2. plassen i meisterskapen. Han skaut feilfritt både på 30-skoten og dei 12 finaleskota. Men kva hjelper det når det er innartreffa som avgjer og her fekk Asle Kvamsdal frå Stord 3 treff meir og tok heim sigeren. Elles vart det ein 2. plass til Etne i lagskytinga på finfelten også. På laget skaut Anders Hundseid, Gisle Enge og Torbjørn Nervik. Alle skaut feilfritt og talet på innartreff avgjorde, og her hadde Stord 3 fleire og vart dermed vinnaren.
Samlagsmeister kl. 1-5 og V55 vart Vidar Vorland frå Bømlo med 42 treff, som er feilfri skyting både på innleiande skyting og i finalen.