Haustfest gav meirsmak

Teltet i Tinghusgata, der det vart servert frukost om føremiddagen og kaffi og «Langfosskake» om […]

Teltet i Tinghusgata, der det vart servert frukost om føremiddagen og kaffi og «Langfosskake» om ettermiddagen, var frå første stund fullt, og folk kom og gjekk heile dagen.
Leiar i Etne sentrumsforeining, Kjell Grønstad, seier at arrangementet gjekk veldig bra, men at ting sjølvsagt kan gjerast på andre måtar.
— Eg har snakka med fleire av dei forretningsdrivande som melder om rekordhandel. Nå har ikkje eg snakka med alle, men det verkar som dette gjekk veldig bra. Vi ville først og fremst setje Etne på kartet, og når handelen attpå til har gått så bra, er det flott. Ekstra kjekt var det å sjå at det var så mange framande fjes, seier han.
Det var eit fint samansett mangfald av salsboder, underhaldning og konkurransar.
— Ja, det verkar som om dette er noko vi kan evaluere og vidareføre, og når Noreg attpå til vann fotballkampen, var dette ein flott dag, seier ein nøgd leiar for sentrumsforeininga.

Skulptur av Langfoss viktig symbol for miljøet

Eitt av høgdepunkta under Haustfesten i Etne sentrum laurdag, var avdukinga av skulpturen over Langfoss i Tinghusparken. Ordførar Amund Enge hadde på vegner av kommunen samla både bilethoggaren Arne Mæland og viktige bidragsytarar, for å få reist skulpturen, ein av mange i Etne sentrum i løpet av dei siste åra. Enge takka både kraftselskap i regionen og ekteparet Svein og Eva Kersbergen som hadde gitt betydelege bidrag til realiseringa av kunstverket. Til å skru på vatnet, hadde han fått miljøkrigaren Kurt Oddekalv. Eit oppdrag han gjorde med glede.
— I 22 år har eg kriga for naturen. Ikkje minst når det gjeld å ta vare på vassdraga våre. Langfoss er ein av dei store sigrane våre. Etter kamp mot dei som ser størst verdi i kilowattimar, er fossen endeleg berga. Nå får fossen buldra i fred og vera til glede for etterkommarane våre, sa Oddekalv, og rosa initiativet til bygdefolket som har pynta sentrum både med skulpturar og vakre parkanlegg. Etter hans syn eit viktig symbol for miljøvern.
— Eg trur Etne må vera den einaste bygda som har sett opp eit minnesmerke over noko som lever, sa Oddekalv og skrudde på vatnet, til stor applaus frå publikum som stod ringside. Etterpå var det servering av marsipankake, levert av Saltnes bakeri, til alle dei frammøtte.