— Håvås kunne spart seg

Senterpartiet og gruppeleiar Åsmund Kalstveit går inn for eigedomsskatt i heile Vindafjord for å få […]

Senterpartiet og gruppeleiar Åsmund Kalstveit går inn for eigedomsskatt i heile Vindafjord for å få orden på økonomien, og for å ha friske pengar til nye tiltak.
Det tradisjonelt skattevennlege partiet Ap er derimot i utgangspunktet nesten låst til å seie nei til eigedomsskatt gjennom Reidar Håvås sin sterke motstand mot den. Varaordføraren seier nei til både skulenedlegging og eigedomsskatt.

Brukar dobbeltspor
Kalstveit meiner Håvås er lite konstruktiv når han lanserer nedbemanning i kommunen som alternativ til å innføre eigedomsskatt. I følgje Håvås er det eit svik å innføre skatt i den samanslåtte kommunen.
— Eg synest Håvås kunne ha spart seg dette. Han har sjølv protestert mot nedbemanning innan pleie og omsorg, og Håvås har gått inn for at nedbemanning skal skje med naturleg avgang. Han støttar fagforeiningane på dette punktet. Difor er det dårleg av han når han i debatten om eigedomsskatt klagar på at nedbemanninga går for seint. Han må ha starta valkampen litt for tidleg, seier Kalstveit.
Kritikken rammer også Håvås ved at han vil bruke pengar på den eine sida, men vil ikkje skaffe dei gjennom eit lite populært tiltak som eigedomskatt.

Nedbemanning ikkje nok
— Vi må vere litt tolmodige når det gjeld reduksjonen av bemanninga. 80 personar vil gå av i kommunen dei nærmaste åra, og ei nedbemanning kan skje på ein naturleg måte slik Håvås også har sagt ja til, seier Kalstveit.
Han viser til at det er spart pengar i administrasjonen, og at det er avdelingar som slit med å få gjort jobben sin.
— Plan og landbruk har for få folk til å få gjort det ein skal. Det har samanheng med permisjonar. Det viser at det ikkje er lett å kutte. Folk vil også gjerne ha svar på søknadene sine.
Kalstveit trur uansett ikkje at nedbemanning vil vere svaret på kommunen sine økonomiske utfordringar framover. Difor har han ingen problem med å forsvare eigedomsskatt for heile Vindafjord.

Folk forstår
— Det går litt betre med økonomien. Men vi har mange oppgåver vi skal løyse framover. Nye skulebøker er ein ting. Høgre vil satse på ungdomsklubbar, og det er nødvendig når ein ser at ungdomsmiljøet hardnar til. Vi gjerne også ha drift i Vindafjordhallen. Det er mange slike gode formål, meiner han.
Han viser også til at det går an å setje ned skatten dersom kommunen får romsleg økonomi.
— Ingen likar skatt. Men eg trur folk vil forstå når vi forklarer samanhengen. Både om situasjonen og kva pengane skal brukast til. For den enkelte blir det heller ikkje snakk om store beløp å betale, seier Kalstveit.
Gruppeleiaren i Sp vil heller styrke fellesskapsløysingar enn at all velstanden skal gå til privat forbruk.