Toppfiguren til Vindafjord Ap gjennom mange år, Reidar Håvås, opplyser at han hadde bestemt seg for kva han skulle svare nominasjonskomiteen då han fekk spørsmål om å vere med vidare. Trass i ein viss turbulens rundt Håvås i partiet, fekk han tilbod om å stille på toppen av lista. Det stadfestar leiaren av nominasjonskomiteen, Nils Terje Oma.
Glad for tilliten
Dermed gjekk spørsmålet vidare til formannskapsmedlem Marit Aga Hustvedt frå Sandeid. Ho har også fartstid som representant for Ap i gamle Vindafjord.
– Det er utruleg kjekt å få tilliten. Eg har fått mange gratulasjonar, men eg må minne dei om at det er eit forslag frå nominasjonskomiteen som nominasjonsmøtet skal ta stilling til. Men eg er budd på å vere ordførarkandidat dersom partiet vil, seier Hustvedt.
Nils Terje Oma meiner Hustvedt er ein god kandidat, og at det er på tide med ein kvinneleg listetopp i Ap, før første gong i Vindafjord.
Den andre kumulerte kandidaten er Vidar Samland frå Bjoa. Resten av lista blir alfabetisk.
Ikkje pressa
Det var Reidar Håvås som fekk Hustvedt med i partiet i gamle Vindafjord, og han kunne ikkje tenkt seg ein betre arvtakar.
– Det er på tide med ein kvinnelege ordførar i Vindafjord. Kommunen er mannstyrt i dag, og det stemmer ikkje med at annankvar veljar er ei kvinne. I gamle Vindafjord hadde vi gode erfaringar med kvinner på toppen, med Aud Signy Rønnevik som ordførar og Kari Austrheim Silde som varaordførar samstundes. Eg trur det kan bli meir harmoni med ei kvinne på topp, seier Håvås.
Han avviser at han har følt eit press til å trekkje seg som ordførarkandidat. Håvås er 56 år, og seier han etter siste valet byrja å tenkje på at det er på tide med nye kostar i partiet. Håvås har vore kommunestyrepolitikar sidan 1995. Han har sagt ja til å stå på lista.