Hedersmann på ny plate

Platesleppet blir markert med ein konsert i Ølen, og deretter står Haugesund, Kopervik, Bergen og […]

Platesleppet blir markert med ein konsert i Ølen, og deretter står Haugesund, Kopervik, Bergen og Stavanger for tur med nytt materiale frå den nye plata.
— Vi har testa ein del av låtane på konsertar, blant anna eit par melodiar på Rootsen i Vikedal i sommar. Tilbakemeldingane er gode, seier Sveinung Bjelland.

I godt selskap
Som vanleg er det han som har laga flest tekstar og melodiar, men både andre i bandet og enkelte i periferien, har bidratt. I dette selskapet, som har laga 13 nye låtar med Matpackers sin signatur, er Gunnar Haga, Nils Halleland, Monica Ulland, Jon Ørnes og Kjetil Ulland.
— Vi er på den smale stien som dette bandet likar å vere på. Det er tekstar og melodiar vi likar, på norsk og dialekt. Men vi prøver sjølvsagt å fornye oss litt, blant anna med instrumentering, fortel Bjelland.
Dei norske tekstane på alle dei fire tidlegare platene dei har gitt ut, har gitt Matpackers ekstra goodwill.
Det skal framleis vere litt salt og maritimt, og Bjelland er like glad i merkelappen sjømannsrock. Legg ein til vestlandsk folkerock og irsk-inspirert, så er Matpackers passe i bås.

Fem på åtte år
Den gamle kjernen med Sveinung Bjelland, Tore Knutsen, Jon Ørnes og Kjetil Ulland er framleis Matpackers. Men når det handlar om plate, er også Reinhardt Toresen ein del av laget saman med Nils Halleland. Rune Rødne har bidratt på tangentinstrument.
Fem plater på åtte år er ingen liten produksjon. Frå starten med Unpacked kom det tre på rappen over like mange år. No har det gått tre år sidan «I bøtter og spann» i 2002.
— Det er ingenting å seie på fem plater på åtte år. Det har nok samanheng med at vi har studio og flinke folk på Lydloftet i Ølen, meiner han.

Spent på Hedersmann
«Hedersmann» er spelt inn både på Lydloftet og det nye studioet i Ljoshall i Etne. Når Lydloftet flyttar til Ljoshall, er Bjelland ganske sikker på at det neste albumet blir spelt inn der.
Etter lanseringskonsert på Meierikjellaren på laurdag, vil dei første dagane gå med til å bla spent i aviser fram til neste konsert. Matpackers får alltid platekritikk i fleire sentrale aviser, og Bjelland håpar på respons.
— Vi har vore heldige med kritikken, men ein veit aldri kva det neste blir. Sjølv synst vi jo at den siste plata er den beste, men vi får sjå, det skal bli spennande.