Alle dei vise skriv visst her. Nå er det mørkt og surt, ja skikkelig surt, og me kan ikkje få klaga nok på dette ufyselige vêret. Men tenk på kva moglegheiter alt dette regnet kan vera for oss Etnebuar – og kanskje i nabobygdene med? Med så mykje regn MÅ jo straumprisen gå ned, og ifølgje e-verka rundt omkring har han gått monaleg ned òg. Og om ikkje det er nok så kan me jo montera eit lite minikraftverk i kvar takrenne, og med ei minivindmølle på taket skulle kvar og ein ha gratis straum. Skulle det vera ein grunder som tenkjer litt lenger, så kan det kanskje bli etablert ein bedrift som kan produsera desse små minikraftverka. Det kunne jo rett bli ein masse arbeidsplassar av detta ufyselige regnet. Skulle det heilt uventa bli nokre solskinsdagar, får me heller støtta det lokale næringslivet og handla inn litt straum til krisa er over.
Trefte ei godt vaksen dame i ein av dei lokale dagligvarebutikkane. Ho klaga seg over vêret som vanlig var, og var svært frustrert fordi barometeret hadde jo stått på sol i heile dag. Forretningsideen var der med ein gong. Tenk å selja barometer som berre viser sol. Hadde me fått nokre av desse rike kjedekongane med på laget, hadde dei ikkje kosta meir enn ti kroner. Og ingen kan seia at dei viser feil – dei er berre litt meir framsynte.
Så kjære godtfolk. Det gjeld å sjå moglegheitene som dett i hovudet på oss og ikkje la dei renna forbi og enda opp i sjøen nedanfor Tinghuset. Då er det for seint.
Vil til slutt ønska bygdefolk og kommunepolitikarar god jul og eit riktig godt og framgangsrikt nytt år!
Ole Martin Grindheim
Etnebu.
Hei på dykk, bygdefolk
Alle dei vise skriv visst her. Nå er det mørkt og surt, ja skikkelig surt, […]