Heider, ære og kulturpris

— Det er kjempekjekt og svært inspirerande å få ein slik pris. Sjølv fekk eg […]

— Det er kjempekjekt og svært inspirerande å få ein slik pris. Sjølv fekk eg beskjed om at me skulle få denne prisen for to dagar sidan, slik at eg kunne vera til stades i dag, seier ein strålande nøgd Alf Warloe Christophersen.
Ti tusen og plakett
Med seg heim fekk bluesgeneralen ein sjekk på 10.000 kroner og ein plakett som synleg bevis på kulturprisen.
— Me set stor pris på dette. Det er ekstra kjekt at folk utanfor lokalsamfunnet også legg merke til det me jobbar med. Det gjer oss ekstra lyst til å bygga vidare på Skånevik Bluesfestival, seier Alf Warloe Christophersen.
Leiar i kultur- og ressursutvalet, Georg Indrevik, delte ut prisen til Alf Warloe Christophersen, og han var ekstra imponert over at Skånevik Bluesfestival har fått eit ry også utover Noregs grenser.
— Festivalen har vorte eit kraftfullt innslag i «Bluesbygda Skånevik», og regionen omkring, og medverka til å skapa stor aktivitet og knoppskyting i lokalsamfunnet, sa han.
Planlegg programmet
Festivalen har sett Skånevik på kartet for musikkinteresserte menneske på heile Vestlandet, og har blitt ei merkevare og ein samfunnsbyggar for Skånevik, sa Georg Indrevik i talen til prisvinnaren.
Alf Warloe Christophersen jobbar no aktivt med å koka i hop eit spanande program også neste sommar. Og han lovar at publikum allereie før jul skal få vita litt om sommarens program.
— Planlegginga går som eit skot, det er berre å følgje med, seier ein glad prisvinnar Alf Warloe Christophersen på telefon.