Men at ungdommar med adresse Sandeid, Ølen og Skånevik hevdar seg på topp-plan, er nærmast naturstridig.
Det er derfor meir enn stort at desse ungdommane, trass i elendige skiforhold på heimebane, kvalifiserer seg til det eine storrennet etter det andre.
Lars Olav Larsen, både gjennom Vindafjord idrettslag og Rogaland skikrets, skal ha mykje av æra for den flotte innsatsen ungdommane frå Vindafjord gjer. Han har følgt dei frå dei var smågutar og fram til juniorar og etter kvart seniorar. Skigymnaset på Hovden, der fleire av ungdommane går, spelar nok også ei viktig rolle for dei gode prestasjonane.
Men først og fremst er det ungdommane sjølve som skal ha ros og ære for at dei klarer å hevda seg blant dei beste i skisporet. Det er til sjuande og sist deira innsats og treningsvilje som fører til dei gode resultata.
Det er derfor flott at kommunen og andre heidrar desse ungdommane med blomar og litt pengestøtte. Det er kjekt for alle å bli sette pris på, sjølv om dei som skigymnastane konkurrerer langt frå heimebane. Det kan vera med og gi dei eit ekstra puff til å satsa vidare.
Me ønskjer Andreas Hustveit, Bjørnar Larsen og Thomas Vestbø frå Vindafjord og Chris Jespersen frå Skånevik, og alle andre som driv
skisport i vårt snøfattige distrikt, lukke til vidare. Me takkar for sesongen som nå er over og ser fram til nye pretasjonar i skiløypene.