Heidra for lang teneste

Men det er ikkje berre Jan Amundsen som kan sjå tilbake på lang teneste ved […]

Men det er ikkje berre Jan Amundsen som kan sjå tilbake på lang teneste ved Nonslid Bilservice AS, det kan også Egil Skjold. Han har vore i bedrifta i 32 år og mottok gullklokke for tre år sidan.
Det er tydeleg at arbeidet i bilverkstaden i Skjold er eit triveleg arbeid. Dette går også fram i samtala med dei to, saman med eigarane Karina og Olav Nonslid. Dei tok over bedrifta etter far til Olav, Torgrim Nonslid, 1. januar 2002.
Fortent heider
Det var under ei tilstelling i Tromsø i samband med AutoMester-kjeda sitt ti årsjubileum, at Jan Amundsen fekk tildelt heidersteiknet. AutoMester er Noregs leiande kjede av frie verkstader. Til Tromsø reiste leiinga og dei tilsette ved Nonslid Bilservice, og hadde ei flott helg saman i Ishavsbyen.
— Bakgrunnen for ei slik medalje er at den organiserte bilbransjen i Noregs Bilbransjeforbund ønskte å gi dei tilsette medarbeidarane eit synleg heidersteikn som takk for lang og lojal teneste i same bedrift. Difor vedtok Forbundsstyret i 1995 å stifte Noregs Bilbransjeforbunds lojalitetsmedalje. Medalje og innramma diplom blir tildelt etter 40 års teneste. Med medaljen følgjer også eit jakkemerke til dagleg bruk, fortel Olav Nonslid.
Det er bedrifta som søkjer om heidersteiknet for sine tilsette, og det er bedrifta som ber kostnaden.
Både Karina og Olav Nonslid er tydeleg stolte over at Jan Amundsen har fått denne velfortente påskjøninga. Dei er glade for å ha ein stabil arbeidsstokk.
Veldig utvikling
Nonslid Bilservice AS var berre to år gammal då Jan Amundsen begynte som mekanikar der i 1965, og utviklinga har vore stor i dei 40 åra han har vore tilsett.
Jan Amundsen og Egil Skjold er begge skjoldabuar, og takksame for at dei har kort veg til arbeidet.
Utviklinga i bilbransjen har endra seg mykje frå dei begynte som mekanikarar.
— Den gong hadde vi ikkje løftebukk, og vi måtte ligge på golvet for å kome under bilen. Største endringa har nok kome dei siste 25 åra. Før 1980 var det svært lite elektronikk på bilane. Det var meir servicearbeid, fordi bilane måtte smørjast meir. Nå skifter ein berre olje og så er det meste gjort, fortel dei.
Begge er samde om at salting av vegane medfører stor slitasje på bildelar. Særleg bør bileigarar vere obs når det gjeld rust på bremsesystemet som følgje av saltinga.
— Folk hadde bilen lenger før, dei skifta ikkje bil så ofte som nå, og det var ein del dårlege bilar å sjå som følgje av det. Men det skjedde ei endring då EU-kontrollane starta. Då vart det ei oppreinsing i bilparken. Særleg dei to første åra det var EU-kontroll, forsvann mykje gammalt.
Mange kurs
I og med den store utviklinga, blir det mykje kursing for å halde seg oppdatert. AutoMester har sine utdanningsprogram, og det blir stadig halde aktuelle kurs innan kjeda. Ved Nonslid Bilservice er dei samde om at det er svært viktig å delta på slike kurs.
Ved verkstaden er det i dag tilsett tre mekanikarar, pluss noko innleigd hjelp. Begge eigarane, Karina og Olav Nonslid, arbeider i bedrifta.