Det er fagjuryen i Teknisk Ukeblad og lesarane deira som står bak den samstemte kåringa.
— Det var ei svært gledeleg melding, seier Sven Åge Hjorteland, leiar i selskapet Jakob Hatteland Computer AS, til Teknisk Ukeblad.
Det er stor interesse for produktet Autostore, og fleire ønskjer å kjøpe heile konseptet. Men Hatteland aktar å halde på sine eigne produkt og idear.
— Me har utvikla eit produkt i Noreg og skal produsere det her på Haugalandet. Dette kan skape mange nye sikre arbeidsplassar i distriktet, framhevar Hjorteland til fagbladet.
Kompakt og effektivt
Det revolusjonerande lagersystemet kom på marknaden i haust, og den første installasjonen blir i desse dagar ferdigstilt hos ein kunde på Oppdal. Planen er å ha gode installasjonar hos tre til fire norske kundar før systemet blir frigjeve for internasjonalt sal. Det var interne behov som sette i gang utviklinga av systemet, som no er patentert over heile verda med unntak av Nord-Korea. Lagersystemet er sett saman av plastkassar som er sett oppå kvarandre, og som styrast av robotar. Desse blir igjen styrt frå ein datamaskin, som til ei kvar tid har kontroll på kvar kassane oppheld seg i systemet. Etterkvart vil dei mest etterspurte varene liggje på toppen av lageret, medan dei mindre etterspurte varene hamnar på botnen. Dette er gunstig for folk som har lager med sesongvariasjonar. Roboten brukar i snitt 12 sekundar for å hente fram ein kasse, og systemet er unikt ved at det er så kompakt.
Prisen delast ut i januar i Trondheim.