— Det var uhyggeleg. Det var bombing heile nettene, og det var vanskeleg å sova. Eg var ikkje redd for å bli treft, men eg tenkte på kor bombene fall, seier Turid Tarabay om korleis ho opplevde krigen.
I byrjinga tok ho og mannen situasjonen med ro fordi bomber ikkje er uvanleg i Libanon.
— Me trudde det berre skulle ta ein dag eller to, men då me stod på verandaen og såg at israelarane bomba flyplassen i Beirut, skjøna me at noko større var på gang, seier Turid Tarabay, som bur saman med mannen sin i tettstaden Bchamoun utanfor Beirut.
Same kveld drog paret opp i Chouf-fjella der familien til mannen hennar bur.
Redd for mannen
Sist onsdag kom Turid Tarabay heim til Noreg etter ein 14 timar lang busstur frå Beirut til Damaskus, og deretter direktefly til Oslo.
— Eg kom mest heim på grunn av familien min. Eg såg at det var vanskeleg for dei. Libanon er eit lite land og det er ikkje så lett å forklara at bombene fell ein kilometer unna, seier ho.
Tekstmeldingane hagla inn frå familie og venner som var bekymra for henne.
Kontrasten var stor frå å reisa frå krigsherja Libanon og komma heim til fredelege Ølen.
— Det var godt å komma heim, høyra bølgjeskvulpet, men alt skjedde så fort så det var uverkeleg. På ein måte er det vanskelegare å vera her enn midt oppi det fordi då veit ein kva som skjer, seier Turid Tarabay.
Mannen hennar er igjen i Libanon og oppheld seg i Chouf-fjella hos familien sin.
— I følgje han har dei mat, men det er utriveleg. Ingen kan gå på jobb, men dei er ikkje i direkte livsfare som mange andre er, seier ho.
Turid Tarabay har dagleg kontakt med mannen sin, vanlegvis på sms, men nokre gonger kjem ho også gjennom på telefon.
— Fornuftsmessig er eg ikkje redd for han, men kjenslemessig, ja. Eg får daglege bevis på at han har det bra, men 100 prosent roleg er eg ikkje, seier ho.
— Ubehageleg
Turid Tarabay og mannen Ammar Tarabay har vore gifte i 18 år og flytta til Libanon for fem månader sidan. Dei hadde lenge venta på at det skulle bli så stabilt i landet at dei kunne flytta dit, og det dei vurderte mest var moglegheit for borgarkrig.
— Dette kom fullstendig uventa. Me gjekk og la oss om kvelden til fred og stod opp til krig, seier ho.
— Var du redd då du var der nede?
— Nei, eg var ikkje direkte redd. Det einaste eg syntest var ubehageleg var då me kjørte frå fjella og ned til Beirut der bussen til Damaskus skulle gå frå. Det å bevega seg på vegane var meir skummelt enn å vera i ro, men det gjekk kjempefint, seier ho.
Bomberegn
Jamvel om Turid Tarabay opplevde krigen på nært hald, meiner ho at hennar opplevingar er småtteri i forhold til det mange andre går gjennom.
— Det går nesten ikkje an å snakka om når ein ser kva andre har vore utsette for. Spesielt dei som har flykta frå Sør-Libanon har verkeleg hatt det farleg. Dei har hatt små ungar med seg, sett grusamme ting, bombene regnar rundt dei og dei veit ikkje om dei kjem fram eller ei, seier ho.
Men krigen har også sett sine spor hos Ølen-kvinna.
— Når eg høyrer eit fly, tar det eit lite sekund og så tenker eg åh, nei, det skjer jo ingenting her, seier ho.
Vil tilbake
— Det libanesarar flest føler er at det ikkje er deira krig. Dei fleste ser på det som eit oppgjer mellom Iran og USA, og føler at det er ganske urettferdig at Libanon igjen skal bli slagmark for ein konflikt som høyrer ein annan stad til, seier Turid Tarabay.
— Dette er ein krig der ein ikkje kan ta parti med nokon, for begge har sine feil. Det begge gjer er ikkje i interesse av Libanon som stat, seier ho.
Infrastrukturen er øydelagd, og libanesarane treng enormt mykje hjelp til oppbygginga. Libanon er eit ungt demokrati og Turid Tarabay meiner at den største utfordringa framover blir å unngå ny borgarkrig.
— 25 prosent av landets befolkning er på flukt og dei har endå ikkje fått inn noko særleg naudhjelp. Når til og med Røde Kors sin ambulanse blir bomba, føler ein at ingen lover og reglar gjeld. Hjelpeorganisasjonane vil òg nøla med å gå inn før dei får klarsignal, men på eit tidspunkt vil den humanitære situasjonen bli så alvorleg at dei berre må gå inn, seier ho.
Tysdag kveld reiste Turid Tarabay til Oslo for å prøva å finna seg ein jobb. Håpet er å få tankane over på andre ting og prøva å korta ned ventetida. Ingen veit kor lang den vil bli, men 42-åringen har ikkje tatt skrekken.
— Eg vil reisa ned igjen så fort som mogleg, seier Turid Tarabay.
Heim frå krigsherja land
— Det var uhyggeleg. Det var bombing heile nettene, og det var vanskeleg å sova. […]