Heimebakst frå Indre Nes

Når me kjem inn døra, slår den gode lukta frå nylaga lefser mot oss og […]

Når me kjem inn døra, slår den gode lukta frå nylaga lefser mot oss og kaffien er heller ikkje langt unna. Dei to søstrene er i full sving med dagens bakst og det er lefser som står for tur. Men dei tek seg tid til litt kaffi og ein prat med Grannar sin utsende. Frå omnen sprakar det i veden og dei nysmurte lefsene glir ned på høgkant.
— Draumen vår er vel å kunne drive med dette på full tid, men me er ganske nystarta så me får sjå korleis det går, seier Kari Hansen. Ho har for tida ikkje noko arbeid utanom bakinga etter som telefonsalet i Skånevik, der ho har vore tilsett, vart lagt ned. Systera Ingebjørg Markhus jobbar i Skånevik barnehage, mens mor deira, Kjersti Markhus, jobbar på omsorgssenteret i Ølen.
Den vesle familiebedrifta vart starta i november i fjor. Dei kjøpte ein lefsemaskin og rigga seg til i kjellaren hos mor Ingebjørg på Indre Nes. Salet før jul gjekk strålande, og Kari var og er framleis ute og sel frå bilen sin utanfor ein av butikkane i Skånevik annakvar fredag. Dei var også rundt på julemesser i distriktet og dei tek imot tingingar på telefon. Kundekrinsen aukar stadig og dei freistar å komme seg inn på nye marknader, kanskje også å få nokon til å selje for seg.
— Me har kundar i alle aldrar, både unge småbarnsfamiliar og eldre ektepar og einslege, dei fleste likar heimebaksten vår, og det er jo kjekt, smiler søstrene.
— Men me slit litt med å marknadsføra oss. Ingen av oss likar å skryte av seg sjølve, dette ligg vel i dei fleste og det er utruleg vanskeleg å ta imot skryt, men me blir nok betre på dette med tida, trur Kari.
Kaffipausen er over og dei tek til med bakinga att. Deigen er klar og med vekt og stor presisjon lagar dei lefseemna nøyaktig like store. Så startar Kari den store lefsemaskinen og tek til å fôre den med deig emna. Ut kjem halvstore leivar som syster Ingebjørg kjevlar ut til store fine lefser som ho steikjer på dei mange takkene som står klare. Arbeidet går fort når dei er to og det tek ikkje lange tida før bordet ved sida av Ingebjørg bognar av ferdige lefser. Folk som kjøper kan velje om dei vil bløyte dei sjølve eller om dei ynskjer ferdig smurte. Kari plar ofte stå og smørje om måndagen så lefsene er klare for sal til fredagen. Stemninga er god og latteren sit laust medan arbeidet går unna hos søstrene Markhus i den nystarta bedrifta på Indre Nes i Skånevik.