Heimesiger til alle tre laga

Men fyrst ut var Ølen sine jenter 12 år. Dei møtte Haugesundslaget Nord 2 i […]

Men fyrst ut var Ølen sine jenter 12 år. Dei møtte Haugesundslaget Nord 2 i eit spennande oppgjer. Ølen sine jenter tok kommandoen frå start og rundspela gjestene med flotte pasningar og eit formidabelt keeperspel. Det gode spelet frå Ølen sine jenter heldt fram utover dagen, og då 13-årslaget møtte Kvinnherad, fekk gjestene knapt komme med i spelet. Nok ein gong viste Ølen sine jenter eit flott lagspel med godt planlagde angrep og målvakt som stod sikkert som fjell og heldt målet nesten heilt reint. Jentene frå Kvinnherad gav mot slutten meir eller mindre opp og Ølen leika seg inn til siger. Med så gode jentelag ser framtida til Ølen sitt damelag svært så lys ut.

Revansje
Så var tida inne for det store oppgjeret mellom Ølen og Randaberg 2. Etter eit stort tap for gjestene i haust, var Ølen sugne på revansje. Publikum strøymde på og stemninga på tribunen var på topp. Dei første ni minuttane var mållause, dei to laga var nokså jamgode, men så sette Heidi Haugland inn kampens første mål og dramaet var i gang. Dei to laga scora annakvar gong og publikum var i ekstase. Då klokka viste halv tid, hadde Ølen tatt leiinga 9-7 og trenar Jorunn Grindheim stråla som ei sol. Då andre omgang tok til var det litt surr frå begge laga, men så fann Ølen sine damer den rette takten og drog frå. Randaberg fekk straffe etter straffe, men målvakt Anita Bitnes heldt målet reint. Ho viste eit formidabelt keeperspel og kan nok ta ein del av æra for at det gjekk så godt for Ølen. Med sigeren 21-14 kunne eit strålande Ølenslag gå av banen med tittelen tabelltoar trygt i lomma.