Heimesiger til Sushi Blues Band

Idrettshallen i Skånevik hadde hatt plass til endå fleire på fredag. Det var lagt opp […]

Idrettshallen i Skånevik hadde hatt plass til endå fleire på fredag. Det var lagt opp buss frå Ølen og Etne til Skånevik med retur etter konsertslutt, men det tilbodet var det ingen som nytta seg av. Bussen var tom, og parkerte i Etne.
— Det var sjølvsagt svært skuffande at så få frå nabobygdene kom i kveld. Men me trøystar oss med at bygdefolket her i Skånevik stiller opp. Dei kom i seks-tida i kveld og har halde ut heile kvelden. All ære til dei, seier Finn Ove Solberg, leiar i Skånevik bluesklubb, som tok initiativ til konserten.
Ungdommar imponerte
Dei seks ungdommane i alderen 11 –16 år, har berre spelt i lag sidan i sommar, og på denne korte tida har dei verkeleg fått sving på sakene. Under fredagens konsert oste det kvalitet av dei unge talenta. Etter å ha framført fire songar, mellom dei: «Have you ever seen the rain» og «Pretty woman», vart dei kalla tilbake til scena av konferansier og ordførar Amund Enge. Gruppa måtte ta eit ekstranummer for å tilfredsstille publikum. Lise Åsheim imponerte med si store stemme, og gitarsoloane til Sven Ivan I. Bokn var det verkeleg fres over. 11- åringen Rolf Andre Ness er yngst i bandet, men stod slett ikkje tilbake i kvalitet av den grunn, han gjorde ein utruleg flott opptreden saman med dei andre Sushi-medlemmene.
Variert program
Av andre artistar var både Tubesnakes frå Stord, Fifty Fifty Blues band, Uthuset og lokale artistar med på å gjere kvelden variert og underhaldande. Av dei lokale innslaga er dei fire jentene; Irmelin Molnes, Merete Ribesen, Oddny Renathe Knudsen Andersen og Maria Vinje frå 10. klasse ved Skånevik skule verdt å nemne. Dei song «Tears in heaven» og «The Rose» akkompagnert av Svein Kjetil Løhaugen på piano. Alf Warloe Christophersen hadde eit innslag der han song blant anna «Father and Son» av Cat Stevens og «Mr. Tamboruine man» av Bob Dylan.
Ikkje vanskelege å be
Finn Ove Solberg hadde ikkje vanskar med å få artistar til å stille opp på arrangementet.
— Folk har vore så positive at me kunne hatt musikarar på scena i endå fleire timar dersom me ville, sa Solberg nøgd.
Ideen til å halde hjelpekonserten kom frå Solfrid Steinstø i Etne, ho er sjølv medlem i Skånevik Bluesklubb. Saman med Etne Røde Kors fekk bluesklubben inn om lag 60.000 kroner på fredag. No vonar arrangørane at deira oppmoding om at andre lokale Røde Kors-lag i Sunnhordland fylgjer opp med ei liknande innsamling ein gong i månaden i eitt år frå no av. Neste lag ut er Etne Røde Kors som skal arrangere konsert i Etne 11. februar. Kven som får oppmodinga i mars, blir opp til Etne.
— Det er lett for at givargleda visnar bort når kameralinsene frå Asia sloknar. Offera i Asia treng pengar på lang sikt og ikkje berre no når media lagar blest om katastrofen. Difor vonar me at aksjonen vår vil få inn pengar heile det neste året, oppmodar Finn Ove Solberg.