— Vi har det heilt fantastisk. Søv i deilige senger på Hotell Bristol. Der har også Idol-vinnar Kjartan Salvesen budd denne veka. Han var nemleg med på opningsshowet på Ekebergsletta sist sundag. Og veit du kva? To av spelarane på laget vårt, Maria Vinje og Heidi Hus, møtte han i resepsjonen på hotellet og fekk kvar sin klem. Skjønar du, eller, seier Marita Tendal og Helene Haukland, og har stjerner i augo.
Til B
Grannar er på plass når Skånevik utklassar Korgen frå nord-Noreg. Det sluttar ikkje før 6-0, og jubelen vil ingen ende ta. Lite visste jentene at hadde dei laga endå eitt mål i dette oppgjeret, så ville dei vore klare for A-sluttspelet. Den siste kampen i det innleiande gruppespelet enda nemleg 0-0 mot Sykkulven. Laget frå Sunnmøre hadde eitt meir plussmål enn Skånevik, og tok den viktige 2. plassen i pulja. Rjukan var suverene, og vann alle kampane. 4-2 over Skånevik.
— Vi klagar ikkje sjølv om vi hadde nok sjansar til å avgjera også mot Sykkulven. No satsar vi på å gjera det skikkeleg skarpt i B-sluttspelet, forsikrar Marita Tendal.
Betalt sjølv
Det er sjølvsagt ikkje kvardagskost at deltakarane i Norway Cup bur på flotte hotell. Regelen er soveposar og liggjeunderlag på harde skulegolv. Men så har jentene frå Skånevik verkeleg gjort seg fortente til eit eksklusivt opphald i hovudstaden.
— Det er skikkeleg flinke jenter. Dei har vore med på ei rekkje dugnadar, skryt Reidun Tungesvik. Ho er ei av fleire i eit aktivt støtteapparat kring dei fotballsparkande skåneviksbuane. Og nemner i fleng:
Vasking på den nye gamleheimen, flaskeinnsamling, bering av høns til slakting, og sal av grillmat. For å nemna noko.
Starta bra
Medan Skånevik tapte den første kampen, fekk gutelaget til Ølen ein kjempestart på turneringa. 9-0 over Bakke var veldig bra. Anders Gundersen ordna hattrick, og alt såg rosenraudt ut. Sidan gjekk det berre ein veg. Alt før klokka var ni onsdag morgon var Ølen ute av årets B-sluttspel i Norway Cup.
— Det skulle ikkje ha vore lov å starta fotballkampar klokka åtte om morgonen, sukkar Lars Terje Eik og Hallvard Edvardsen.
— Du må tru oss når vi seier at dette slett ikkje er representativt for kva vi er gode for, fortel gutane. Og skulle 0-4-tapet for Ranheim arta seg litt mindre vondt av den grunn, trur vi dei så gjerne.
Heng med
Vindafjord er også på plass i Oslo. Med to lag. I skrivande stund er småjentene (sjuarfotball) klare for åttedelsfinale i B-sluttspelet. Klubben sine smågutar kjem nok til å hugse årets Norway Cup for alt anna enn sportsleg suksess. Tre kampar, 0-24 i målskilnad og veldig god tid til å kikka på alt det spennande som rører seg på Ekebergsletta denne veka. Og det er ikkje så reint lite. Visste ein ikkje betre kunne ein tru at sentrum av hovudstaden hadde flytta seg eit par langpasningar lengre opp i åskammen. Slik det har vore ei veke midt på sommaren i snart 32 år.
Heitt og tett i Norway Cup
— Vi har det heilt fantastisk. Søv i deilige senger på Hotell Bristol. Der har […]