Heldt varmen med korpsmusikk

Det var surt, vått og kaldt, men tonane til musikklaga i Skånevik og Etne gjorde […]

Det var surt, vått og kaldt, men tonane til musikklaga i Skånevik og Etne gjorde mykje for å halde varmen i publikum. Med mange livlige og sommarlege songar, blei det trass i dårleg ver ein fin vårkonsert på paviljongen. Mellom 30 og 40 personar hadde teke turen til Doktorhagen for å få med seg konserten, eit imponerande oppmøte når det var så dårleg ver.

Gjester på heimebane
Skånevik Musikklag var inviterte til å spele av arrangøren Etne Musikklag, og fekk difor æra av å opne konserten. Dirigent Ragnvald Larsen leia eit dyktig korps gjennom eit variert og vårleg repertoar. Sjølv om dei ikkje klarte å mana fram sommarvinden, så auka vårstemninga nokre hakk med tonane. Enda meir sommarleg vart det då dei spela Torgmarsjen, som Lars Christoffersen komponerte til ære for Torgdagane for 10 år sida. Munter stemning vart det også med det flotte arrangementet av Alle Fuglar, før dei avslutta med å spela den kjende og kjære songen; Det som ein gong var.

Livlige innslag
Etne Musikklag stod så for tur og også dei framførte eit flott og livleg program. Dirigent Per Olav Paulsen frå Stord opna med ein Olympisk fanfare og hadde elles både marsjar og litt rolegare songar å trekkje fram. Høgdepunktet var nok då dirigenten trekte fram ei solistgruppe og la opp takten til Original Dixieland Concerto. Det var eit stilig nummer med tøffe rytmar, liv og røre og fall så godt i smak at publikum jubla då dei var ferdige. Eit anna nummer litt utanom det vanlege, var ein sandpapirballett der det vart pussa med sandpapir i bakgrunnen. Swing-versjonen av Dovregubbens hall var heller ikkje å forakte og innan Etne Musikklag avslutta med ein marsj, klappa publikum i takt med musikken.
Det var to dyktige musikklag som framførte ei fin blanding av songar og gjorde ein god innsats for å halde varmen oppe. Så sjølv om det vart ganske kaldt, var det ein koseleg konsert på paviljongen i Skånevik.

Vibeke Klungland