I alle bygdene Etne, Ølen, Sandeid og Vikedal gjekk forhaustar, slåmaskin, ballemaskin og til og med beitepussar var i sving. Mykje av dette arbeide i kyrkjetida 11 til 12.
Er det fint, er det rett, er det nødvendig, med slikt sundagsarbeid ? Me kan nok finna på mange grunnar for og trakka på helgefreden, men utan om vêret ser eg ikkje mange ting og peika på. Eg har sjølv vore aktiv bonde i over 40 år. Eg har køyrt flathøy på sundag, men berre når torebyene har truga. Eg har drive med siloslått på sundag og, trur eg. Men då har veret hindra oss i lang i tid. Me kjenner alle til vestlandsvêret og dets luner.
Eg har respekt for at ting må gjerast, men slåtten treng, må og skal ikkje byrja på sundag. Førre veke var det slåttevêr mest heile tida, kvifor ikkje starta då om det var så hast. Kvifor har me raude dagar på kalenderen? Er det ikkje for at me etter seks dagar med arbeid skal ha den sjuande dagen (sundag) fri.
Vis vyrdnad for forfedre og lær etterkommarane skilnaden på helg og kvardag. Sundagsbokso skal og brukast. Sjølv om våren har vore sur og kald.
PS. Ballaspydo bak på traktoren skal ikkje brukast til oppsamling av bakanfor liggjande køyrety, alt for mange har dei innstilte på bil grillen bak.
Endre Tjelmeland