Helleristningar under presenning

— På den eine sida kunne ein kanskje berre dokumentera det, dekkje helleristningane til og […]

— På den eine sida kunne ein kanskje berre dokumentera det, dekkje helleristningane til og gløyma dei. Men skal ein visa dei til folk, må ein ta skikkeleg vare på dei, seier Trond Lødøen, prosjektleiar ved Bergen Museum.
Saman med konservator Kjartan Gran var han i Etne frå onsdag til fredag sist veke for å dekkje til Bruteigsteinen på Flåte og Helgaberg på Stødle. Målet er å få bort lav som veks på helleristningsfelta. Lav er ein symbiose mellom sopp og algar og veks på nesten alle bergartar.
— Under presenningen døyr laven, fordi det ikkje kjem inn sollys og dermed blir fotosyntesen hindra, seier Lødøen.
Presenningen hindrar også frostsprenging og fører til meir stabile temperaturar, noko som igjen er positivt for helleristningane.
— Ved null grader og minus frys steinen og det blir til is. Den sprenger laus bitar av stein og dermed også helleristningar, seier Lødøen.
— Kva hadde skjedd dersom de ikkje hadde dekt helleristningane til med presenning?
— Då ville det grodd til, først med lav, så mose og deretter gras. Naturen ville dekt helleristningane til, men det ville skjedd gradvis. Det er også fare for at folk ville tatt saka i eigne hender, seier Lødøen.
I to år
Arbeidet er ein del av Bergkunstprosjektet til Riksantikvaren og skjer i samarbeid mellom Riksantikvaren, Etne kommune, Hordaland fylkeskommune, Bergen Museum og grunneigarane. I Hordaland og Sogn og Fjordane er nå helleristningsfelt i fire kommunar blitt dekt til. Mange helleristningsfelt er permanent tildekte, men arbeidet som nå blir gjort skjer på felt som er tilrettelagd for publikum.
— Tanken med desse felta er at ein skal få eit system der ein dekkjer til helleristningane om hausten og tar bort presenningen om sommaren, seier Lødøen. Han meiner at presenningen bør ligga i to år samanhengande på Bruteigsteinen og Helgaberg for få bukt med laven, før ein berre dekkjer til om vinteren.
Forska i ti år
— Det viktigaste med prosjektet er at me har dokumentert helleristningane på nytt og sett på kor mykje skader som er. Me har fått etablert verdifulle arkiv, seier Lødøen.
I ti år er det blitt forska på korleis ein kan bevara helleristningane.
— Det finst ingen fasit på kva som er best, men det er viktig at det er ein enkel og billeg måte. Det blir for komplisert viss det skal vera veldig omfattande fordi det finst mange felt, seier Lødøen.
Å finna den rette presenningen er ingen enkel jobb. PVC-presenningen, som er lagd på Bruteigsteinen, veg minst 100 kg, men er delt i fleire bitar.
— Den må vera så tung for at ikkje vinden skal ta den, men samtidig må den vera lett å ta av, seier Lødøen.
Førebels skal ikkje Duesteinen i Etne dekkjast til. Ein har ikkje klart å finna ut korleis ein skal løysa steinen si vanskelege form.