Hemmeleg fallskjerm

Eg tykkjer det er heilt feil å hiva burt pengane på den måten. Det er […]

Eg tykkjer det er heilt feil å hiva burt pengane på den måten. Det er jo andre sine pengar det gjeld, og då burde dei få vita kor stor fallskjermen var. No ser eg at det skal setjast inn ein ny rådmann i den plassen, og at dei ikkje skal avertera den ledig. Men det er vel ein gamal skikk å avertera ei slik stilling og så finna ut kven som skal få plassen? So vil eg rå til at det vert sett ein oppseiingsfrist med det same so dei slepp å betala fleire fallskjermar.
Det er visst mange nødvendige ting å bruka pengane til. Eg ser kommunen sender ut rekningar utan at dei veit um arbeidet er utført. Me har betalt rekningar i fleire år utan at me har sett nokon feiar. Den siste me har havt til å feia var ein Kringlebotn, og det er lenge sidan.
So til slutt. Det var masse pengar som blei brukte på avslutningen på Olympiaden um sundagskvelden. Noko av dei pengane kunde vel vore brukte til meir nødvendige ting.
Dette er berre mine tankar.

Etne 31. august
Sina Hardeland