Her er det inga kjære mor

At dei sannsynlegvis er den første a-lagsstallen i Rogaland, og eitt av svært få a-lag […]

At dei sannsynlegvis er den første a-lagsstallen i Rogaland, og eitt av svært få a-lag i Noreg som vert trena av ein kvinne, påverkar ikkje spelarane på treninga. Her gjeld det å vise innsats og respekt, for vil ein ha plass på laget må ein vise trenaren at ein fortener det, uavhengig om trenaren er kvinne eller mann.
— Nei, eg fryktar ikkje at det skal vere mangel på respekt for trenaren, seier a-lagsspelar Odd Erik Egge.
— Tvert imot vil eg heller seie, det verkar heller som om spelarane er skikkeleg innstilte på å vise at dei er positive til den nye trenaren, seier han.
Måndagens trening var den andre treninga til Bråtveit, og innsatsen på banen var det ingenting å seie på.
— Dette ser veldig lovande ut, me ser at ho har ein plan og kontinuitet over treningane, så dette ser bra ut, avsluttar Egge.
Når Bråtveit samlar spelarane på slutten av treninga, er det ei lydhøyr forsamling ho snakkar til.
— Eg vil ha ei melding frå dei som ikkje kan komme på trening slik at eg kan legge opp øvingar på treninga etter det, eg vil vite kven som kjem på trening.
Spelarane nikkar og eit par gir straks beskjed om at dei er hindra i å komme på trening neste gong, mens andre etterlyser mobilnummeret slik at dei kan få gitt beskjed. Ingen tvil om at dei vil avlyde trenaren.
Mykje fotballkunnskap
Linda Worre Bråtveit er sjølv svært nøgd med dei to første treningane med Skjoldar.
— Det har vore kjempekjekt. Men me er ennå heilt i startfasen og treng tid til å verte kjende med kvarandre. Dette er jo nytt for alle, og uansett om ein er kvinneleg eller mannleg trenar, treng trenaren og spelarane tid til å tilpasse seg, seier ho. Ho har opplevd ei positiv innstilling blant spelarane, og trur at så lenge ho har noko fotballfagleg å fare med, vil det ikkje være noko problem å bli tatt på alvor. Og at Bråveit har mykje kunnskap om fotball, er det ingen tvil om. Ho var sjølv aktiv spelar, først på Kopervik, før ho spelte på Haugar sitt damelag på den tida dei spelte i eliteserien. Eit vondt kne gjorde etter kvart at ho måtte gi opp fotballkarrieren, men før det var ho innom både landslaget for piker og U21. Også på heimebane vert det diskutert fotball. Mannen hennar, Kjell Inge Bråtveit, har blant anna trena Viking i to år, og er no trenar for a-laget til Vard.