Det finst nokon, men ikkje så mange som har brevduer som sin store hobby. For Martin Sævareid frå Ølen er dette ein heilt topp sport å drive med.
— Det er utruleg fascinerande å drive med brevduer. Når du ventar på at dei skal kome heim til garden igjen, er det like spanande kvar gong. Det er vel kanskje det som gjer at eg synst dette er så kjekt, seier Sævareid.
Duene blir allereie ei veke etter fødsel merka med ein ring som vert registrert i ein nasjonal database. Om brevdua flyg vekk og nokon andre finn den, kan dei ringa og få svar på kven som eig den. Ein annan grunn til merkinga av duene er stamtavle. Sævareid førar stamtavle på brevduene sine for å halde orden på slekta.
— Har du ei talentslekt å vise til, er det jo lettare å få seld ei brevdue om du ynskjer det, forklarar han.
Etter eit par veker vert dueungane klare for å fly. Martin Sævareid trenar sjølv opp alle duene sine. Han køyrer dei fyrst vekk nokon kilometer, og aukar avstanden etterkvart som duene vert eldre.
— Eg kan fort sjå om kvar enkelt brevdue har eit talent. Har den ikkje noko stort potensiale og framtid, må eg diverre fjerna den.
Gruppene konkurrerer
Sævareid er medlem i Vestfjellet Brevdueforeining, som dekkjer Etne, Ølen og Vindafjord. Saman med Sunnhordland Brevdueforeining dannar dei gruppe 14, og over heile Noreg er det grupper som gjeld for sin region. Gruppene konkurrerar om å bli gruppemeister og ungduemeister. I konkurreringa får du poeng for kvart løp, og den med mest poeng samanlagt vinn.
— Brevduene får ei brikke som registrerer når dei startar og kjem i mål. Den dua som har tatt den kortaste vegen med størst gjennomsnittsfart, vinn då løpet, forklarar han.
Frå gruppemeisterskapen har Sævareid gode topplasseringar å vise til – blant anna er han ungduemeister. På hausten i fjor fekk han delta i både VM og Skandinavisk meisterskap, noko han aldri har gjort før. I VM, som vart arrangert i slutten av august i Spania, var det heile 150 land som konkurrerte. For å få lov til å delta, treng du å bli kvalifisert, eller å få plass gjennom loddtrekning.
— Eg sende ned to duer då dei var fire veker gamle. Dei treng å bli mata og trena opp på ein spesiell plass slik at dei veit kvar dei skal halde seg, seier han.
Topp plassering
Sjølv om Noreg er eit vanskeleg land med fjell og skiftande vérforhold å ha brevduer i, klarte landet seg godt i VM. Martin Sævareid kom på 18. plass i finalen, men fekk ein sterk andre plass i essdue. Essdue har tre løp, og til slutt ein finale, medan finalen berre har eit løp.
— Dette viser jo stabiliteten over det, seier han.
I den skandinaviske meisterskapen, som vart arrangert i Sverige i byrjinga av september i fjor, fekk han også topp plassering. Her vann han finalen og vart nummer seks i essdue.
— Dua må vere i toppform, og du må også vere litt heldig for å klare å kome til topps, seier Sævareid, og forklarer vidare at du kan samanlikna dua med ein idrettsmann.
Billig hobby
– Likar du dyr og konkurranse er brevduesporten tingen for deg. Duene kjem nesten heilt garantert tilbake, men det er alltid like spanande å vente på å sjå når dei kjem over fjellet, og kvar dei kjem frå, seier han, og legg til at det ikkje er noko dyrt å drive med dette.
For å drive med brevduer treng du ikkje så mykje utstyr. Det einaste du treng er ein plass å ha dei og mate dei. Sævareid matar duene sine morgon og kveld med fòr som er importert frå Belgia. Det er heller ikkje så mange duer som døyr, eller vert vekke etter eit slepp.
— Det hender at duer døyr på slepp på grunn av hauk eller falk, leidningar, eller at dei har rota seg vekk. Men det er ikkje så mange som døyr på grunn av sjukdom.
Sævareid gir sjølv brevduene sine vaksine og medisinar om dei treng det, men han kan ikkje gi for mykje i tilfelle dei blir immune mot medisinen. Brevduene kan bli tretten til fjorten år gamle om dei held seg inne, og endå eldre om dei lever fritt ute.
Vestfjellet brevdueforeining har i dag rundt 15 medlemmer.
— Om det er nokon der ute som har lyst å starte opp, kan me hjelpe til med å få det til å gå, for me kunne godt tenkt oss fleire medlemmer, seier Sævareid.