Himkokarane heldt koken

Etter 19 timar i buss og 100 mil på norsk og svensk landeveg, ein sovepause […]

Etter 19 timar i buss og 100 mil på norsk og svensk landeveg, ein sovepause på Dokka og diverse mat- og tissestopp undervegs, og like mange gonger lyden av «Grisen som står og hyler», er revybussen, pluss ein privatbil, med til saman 15 himkokarar, pluss pressa, framme i Vigge i Midt-Sverige. Arena for Nordisk Revyfestival 2004 dagane 1. – 3. juli.

Himkokgruppa frå Ølen køyrde inn på festivalområdet torsdag kveld. Oppstarten til festivalen hadde pågått heile dagen med øvingar og kvalifisering til semifinalen fredagen. På grunn av sin noko spesielle festivaldebut, gjekk Himkok, som var spesielt invitert, direkte til semifinalen.

Høg humorfaktor

Lite svevn og høg humorfaktor i over eitt døgn, sette ingen dempar på humør og energi. Himkokcampen med buss, stort militærtelt, eit par småtelt og ei campingvogn, sette snart sitt eige bumerke på festivalområdet. Her var det berre å slå seg ned og finna seg til rette og ha det gøy.
Det var først på fredagen, når øvingane til semifinalen om kvelden nærma seg, me kunne merka ei aning av prestasjonsangst hos himkokarane. Dei var litt spente på kva nivå dei andre gruppene låg på. Litt skeptiske også. Dette var jo noko heilt nytt for dei, i motsetnad til mange andre som hadde deltatt fleire gonger før. Etter å ha sett litt på dei andre deltakarane sine innslag, og køyrt gjennom sine eigne; «Jackass», «Trimmen» og «Hopplandslaget», var himkokarane ganske samstemde i at «Hopplandslaget» burde ha ein reell sjanse til å gå vidare.
— Den sat heilt perfekt. Den var i alle fall minst like god som dei svenske damene i «Vi går aldrig hem»…

På lufta

Innimellom øving og andre aktivitetar, var det tid for intervju på norsk og svensk radio. Ølensordførar Arne Bergsvåg, for høvet buss-sjåfør og himkokar, saman med Himkok-sjef Anne Karin Nøkland Berge, la inn gode kort for både Ølen og Himkokrevyen, som dei meinte hadde gode sjansar til å nå høgt opp. — Uansett, det viktigaste er å ha det moro. Og me har det heilt konge her oppe, let det frå dei to Himkok-representantane.
Etter eit par byturar, grilling og eit utal interne Himkok-stunt i leiren, nærma tida for den store styrkeprøven seg. Det ruvande sirkusteltet var nesten fullsett då svenske teaterelevar i takt til OL-fanfare marsjerte inn på revyscenen, tente den olympiske elden og markerte Nordisk Revyfestival 2004 for opna.

Vann festen

Etter at Lundegårds-revyen frå København, Terjärv-revyen frå Finland, Østersunds-revyen frå Sverige, Spellaget Gauken frå nord-Trøndelag og fleire andre, hadde framført sine nummer, var det Himkok sin tur. Medan innslaga «Jackass» og «Trimmen» blei litt amputerte på grunn av tronge sceneforhold, blei det full klaff for «Hopplandslaget» med Arne Bergsvåg i front som hoppsjef. Spenninga var derfor til å ta og føla på rundt Himkok-bordet då juryen i partyteltet om kvelden presenterte dei ti innslaga som gjekk vidare til finalen. Men diverre for Himkok blei det ingen finaleplass. Seinare kom det fram at berre eitt norsk innslag frå semifinalen kunne gå vidare då det var mange norske inummer som hadde gått direkte til finalen. — Det var som søren at me ikkje lukkast. Me var minst like gode som mange av dei andre. Men dette skal ikkje få øydeleggja for oss. Ingen grunn til å surmyla folkens! Me skal ta det igjen på festen i morgon!
Og det gjorde dei til gangs. Medan dei fleste gruppene forlet festen så snart dei hadde mottatt sine trofé og premiar, heldt himkokarane koken til siste dans. Det er ikkje vanleg kost at danseorkester stoppar musikken og tar bilde av aktørane på dansegolvet, men det gjorde Patriks Combo i Vigge!

Kjem igjen

For si deltaking på festivalen, og for å ha skapt høg festivalstemning under heile festivalen, fekk himkokarane velfortent takk og kvar sin festivalvimpel av revyleiar Bosse Bylund. Himkokarane kvitterte med å takka for ei stor revyoppleving og lova gjensyn på Høylandet i Nord-Trøndelag neste år.
— Dette var berre heilt fantastisk. Du må ikkje gløyma å takka sponsorane som gjorde denne turen mogleg. Nå kan dei trega dei som ikkje blei med. Men dei skal få ein ny sjanse til neste år, seier ein strålande nøgd Himkok-leiar, Anne Karin Nøkland Berge, og lovar nye Himkok-stunt ved eit seinare høve.

Aslaug Olden Mala