Hjort på panseret

Ein bilist meldte frå til politiet torsdag morgon om eit ublidt møte med hjorten på […]

Ein bilist meldte frå til politiet torsdag morgon om eit ublidt møte med hjorten på Liaheia i Vindafjord kommune. Dyret hoppa like godt opp på panseret før det forsvann, tilsynelatande utan skade. Den sjokkerte sjåføren stansa opp og konstaterte ein stor bulk i panseret.
Samanstøyten føyer seg inn i ei lang rekkje av slike hendingar. Totalt har ei 50-tals hjortar vore involvert i trafikkuhell i Vindafjord og Etne kommunar i 2008.