— Eg merka ikkje dei store skadane på skogen min før i vår. Det er så gale at bortimot kvart einaste tre har større eller mindre skader frå hjorten, seier ein oppgitt Bjørn Osvåg, grunneigar på Moe i Etne.
Eivind Lien frå Skogeigarlaget Vest har vore klar over problemet, men ikkje at skadeomfanget er så stort.
— Det er gjort stor skade på granskog både i Etne, Ølen og Vindafjord. Eg vil oppmoda alle bønder om å sjekka skogen sin, for å vurdera korleis dei vil ta seg av problemet, seier Eivind Lien.
Vil hogge skogen
Hjorten gneg store delar av rotstokken, som er den mest verdifulle delen på eit tre. Trea som er skadde på Moe i Etne har sår som er fem til ti år gamle, samt heilt ferske. No vil grunneigarane Sjur Aakra, Martin Moe og Bjørn Osvåg hogga ned skogen. Risikoen for at rote vil øydeleggja store verdiar, samt at vinden kan blesa over ende tre med skader, er så stor at dei vil gjera det så fort som råd.
Den mest gunstige tida for hogst ville vore om femten år.
— Me taper mykje på å gjera det no i forhold til om femten år. Entreprenørar tar seg meir betalt for å hogga ein såpass ung skog og tremassen er mindre no enn kva den ville vore om trea hadde vore friske, og kunne stått i femten år til, seier Bjørn Osvåg.
Det nøyaktige verditapet i kroner og øre er vanskeleg å rekna ut, men ved å ta ut skogen femten år for tidleg, vil tapet vera om lag 70 kroner per kubikkmeter, pluss tilvekst. På Moe i Etne reknar ein med å kunna ta ut bortimot 3000 kubikkmeter med skog. Ein treng ikkje vera matematisk geni for å skjøna at tapa er store.
Bøndene har forsikring av området, men den dekkjer ikkje hjorteskader, berre brann og vindskader.
Altfor mykje dyr
Bjørn Osvåg er ein ivrig jeger. Han er overbevist om at det er altfor mykje dyr i distriktet.
— Eg har sett flokkar på opp mot tjue dyr, og det er mykje! Kommunen bør ta seg ein runde for å opna opp for å fella fleire dyr, i alle fall i område som dette, der skadane er så store. Eg las ein stad at hjorten kosta meir enn den smaka, og det er heilt sant, seier han.
Ruta til hjorten går frå granskogen om kvelden, ned på dyrka mark for å beita om natta, og om morgonen søkjer dyra ly i granskogen att.
— Det er tydeleg at granfelt som ligg i nærleiken av dyrka mark, som hjorten brukar til beiteområde, er ekstra utsett, seier Eivind Lien. Kvifor dei gneg er eg ikkje sikker på. Det er ikkje berre for å henta næring i alle fall, for det gjer den betre andre stader. Eg trur rett og slett at den gjer det fordi den kjedar seg, seier Eivind Lien.
Utvida felling
Annbjørg Bue ved Etne landbrukskontor kan fortelja at prosessen for å få fleire fellingsløyve på område der hjorteskadane er store, er starta.
— Viltnemnda vedtok på sist møte at me skal søkja Fylkesmannen om å endra minstearealet for felling av hjort på slike skadeområde. Søknaden er enda ikkje sendt, men arbeidet er i gang. Kor store sjansane er for at dette skal gå gjennom, veit eg ikkje. Men eg vil tru at bruk som er plaga av hjorteskader, har god grunn til å søkja om mindre areal per dyr, eller dispensasjon som er større enn dei 50 prosenta som me har i dag, seier ho.