Skepsis til verneplan

— Føremålet med møtet i dag er å orientere om prosessen. Ein fredingsplan etter kulturminnelova […]

— Føremålet med møtet i dag er å orientere om prosessen. Ein fredingsplan etter kulturminnelova er omfattande arbeid, og det tar tid, opna fylkeskonservator Gerd Bolstad til dei nærare 30 frammøtte i Etne tinghus førre onsdag. Oppfølginga av eit tidlegare politisk vedtak om sikring av eit område på Stødleterrassen etter kulturminnelova, er no i gang. Fylkeskommunen ønskjer dialog med grunneigarar og andre som har interesse i området.
— Målet er å halde ved like kulturlandskapet slik det er i dag, og dermed nytte den aktiviteten som har skapt det for å oppretthalde det, forklarte Torleif Aksdal, arkeolog og handsamar i Stødle-saka.
Han representerte, saman med Bolstad, fylkeskommunen på møtet. Dei var begge tydelege på at dei ønskjer å leggje til rette for landbruket på Stødle, sidan dette er i tråd med verneplanane. Uttak av sand og grus i eit verna område er derimot meir problematisk.
— Gjennom dialog med grunneigarane kjem me til å snevre inn det fredingsarealet som no er teikna på kartet. Målet er å ende opp med eit kjerneområde, men det er viktig å byrje med eit stort areal der mange interessentar kan kome med innspel, heldt Aksdal fram.
Både Sørheim, Austrheim og Stødle er med i det området som førebels er stipla ut.
Stor verdi
Bolstad argumenterte med at Stødleterrassen, og dei kulturminna som er der, er viktige for landet si historie. Ho sa vidare at det blir Riksantikvaren, som etter omfattande høyringsrundar, gjer det endelege vedtaket i saka. Fylkeskonservatoren la ikkje skjul på at freding fører til restriksjonar på aktivitetane i området, men ho var også opptatt av å framheve at eit slikt vern bringer inn nye ressursar. Fleire grunneigarar uttrykte skepsis og uvisse til kva verknader fredingstiltaket kunne få. Ingvor Gundegjerde og Else Selland var mellom dei.
— Eg synst det var meir enn nok å frede dei 10 til 12 dekar som allereie er freda, sa Gundegjerde.
Selland undra på om det ikkje var ein betre ide å ta vare på dei kulturminna som allereie er der, og ho sikta til helleristingsområdet på Helgaberg. Bolstad lova tiltak her.
Uvisst for kyrkjegard
Fleire stilte skeptiske spørsmål kring restriksjonar på uttak frå skogen og reising av nye driftsbygningar, og Bolstad måtte gjenta at fylkeskommunen har interesse av å ivareta landbruket sine interesser. Det blei opplyst at ein skjøtselplan for kulturminne vil bli laga til, og at ein arkitekt frå fylket vil bli nytta i byggesaker. Både grunneigar Osmund Gravelsæter og kulturleiar i kommunen, Erik Kvalheim, etterlyste betre tilrettelegging for turistar i form av toalett og peg vekk store verdiar]]> http://www.grannar.no/ 2009-02-16 08:23:00.0