Høg trivselsfaktor med lagerlyd

Linn Gjerde er primus motor for Lagerlyd-arrangementet, som er laust knytt til bygdeutviklingslaget på Bjoa. […]

Linn Gjerde er primus motor for Lagerlyd-arrangementet, som er laust knytt til bygdeutviklingslaget på Bjoa. Ho prøvde seg første gongen i fjor, så denne gongen visste ho betre kva ho gjekk til.
— Nå i år hadde eg det kjempekjekt. I fjor var eg for nervøs, lyder det, etter at den andre Lagerlyd-konserten på Innbjoa er vel i hamn.

Deler overskotet
Eit spesielt triks ho nyttar seg av, er at ho avtaler med musikarane at dei får betalinga som ein del av overskotet. På denne måten er ikkje den økonomiske risikoen så stor, og ein er sikra at arrangementet totalt sett går i null. For det er ikkje meininga at nokon skal tena pengar på Bjoa Lagerlyd. Målsettinga er å skapa ein triveleg kveld med god musikk, både for bjoabuar og for tilreisande.
— Eg har vore nøye med å plukka ut artistar som er lette å lika, forklarte Gjerde før arrangementet. Tilbakemeldingane frå dei som kom på musikkfestivalen, tyder på at ho har lukkast med nett dette.

Raskt allsong
Inger Marie Hetland frå Ølensvåg var første artist ut, med ei samling av Cornelius Vreeswijk-viser. Det varte ikkje lenge før det var allsong i den gamle lagerhallen. Folk treivst på eindagsfestivalen som byrja klokka ni om kvelden og var ferdig klokka to om natta.
Det krydde av folk i lagerhallen utover kveld. Dei fekk mellom anna nyta musikk av Pål Flåtene & The Leftovers, Siri Nesse, og Emily Plays.
For dei som er så vaksne at dei minnest bandet The Kinks, var det høve til å mimra skikkeleg. Siste bandet som stod på scenen unders Bjoa Lagerlyd var nemleg The Fence, som har spesialisert seg på slagarar av nettopp The Kinks.

På Kanal 24
Arrangørane gledde seg over dei mange som kom på festivalen, og dei registrerte med glede at somme kom reisande langvegsfrå eins ærend for Bjoa Lagerlyd. Det plar elles vera mykje lenger frå Haugesund til Bjoa enn omvendt. Linn Gjærde har også fått med seg at det har vore vitsa om festivalen på eit populært radioprogram på Kanal 24.