Høgre er imot Hordaland

I Høgre sitt program for Stortingsvalet heiter det at «Høyre vil gjøre den skriftlige sidemålsundervisningen […]

I Høgre sitt program for Stortingsvalet heiter det at «Høyre vil gjøre den skriftlige sidemålsundervisningen i ungdomsskolen og videregående skole valgfri». I Oslo-skolen har vi fått vite kva valfridom er i praksis: Nynorskopplæringa blir svekka for alle.
Høgre seier dei er for karakterar og eksamen. Men ikkje i nynorsk. Stortinget har måtta tvinge det høgrestyrte departementet til å halde oppe eigen karakter i sidemål i læreplanen som nyss er vedteken. Høgreprogrammet går inn for å «styrke elevenes språkkunnskaper». Men ikkje i nynorsk. Høgre meiner skolen si viktigaste oppgåve er «å formidle kunnskap». Men ikkje i nynorsk – for «Høyre vil fjerne mållovens bestemmelse om krav til at alle ansatte skal beherske begge målformer skriftlig.»
Høgre vil altså ha vekk likestillinga mellom bokmål og nynorsk, einsrette landet med bokmål og gjere Vestlandet og nynorsken usynleg. Dette er Høgre-folka i Hordaland med på. Dei står til teneste for «Kristiania-Høire». Dei respekterer ikkje Hordaland – folket og målet her. Hordaland klarar seg utan slike representantar på tinget.

Roger Lockertsen