Det er laurdag, og unormalt mange born og vaksne i gatene i Etne. Dei fleste av desse er fotballspelarar, men ein god dose trenarar og supportarar fann òg vegen til den 28. Etne Cupen. «Me e´de beste, de aller, aller beste», kjem det frå ein gjeng som sit på muren ved grusbana. Dei fem jentene er ein del av Etne sitt 12 -årslag, og medan dei ventar på å spele sjølv, støttar dei opp om andre lag.
Det er nok av lag å velja mellom, over alt ser ein fotballdraktar i alle mulige fargar, jenter og gutar, store og små.
Somme jublar av glede etter å ha skåra eit mål, medan andre sukkar oppgitt over skotet som ikkje gjekk inn.
Draumar på post-its
Inne i samfunnshuset er det og fullt av liv. Jorunn Grindheim står i døra og sjekker at alle som kjem inn har rett merke på armen.
— Her går det unna ser du, nå har eg prikka inn over 1400 svoltne kroppar, seier ho medan det framleis strøymer grautsvoltne folk inn dørene. Rett utanfor, i MOT-teltet, er det ein vegg full av gule post-it lappar. Siri Klokkerstuen forklarar at her kan ein kome å skrive draumane sine ned på ein slik lapp, og så klistre dei opp på veggen. Ein som nytta sjansen var 10 år gamle Alexander Markhus frå Søreneset idrettslag, han synest det var eit kjekt tiltak frå MOT.
Skal kome skader
Medan regnet hølja ned som verst var det to karar som utmerka seg med ein temmeleg stor paraply.
— Dette må vel vere cupens største paraply?
— Hehe, ja det kan du sei, han er i alle fall god å ha i dette vêret, smiler Geir Toftesund og Geir Ståle Eikås frå Kalandseid idrettslag. Dei er begge nøgde med cupen så langt.
— Det har vore bra, bortsett frå dette vêret då, ler dei to. Nede på sjukestova er det stille. Olav Sølvberg og Erlend Grinde Bergsvåg i hjelpekorpset fortel at det har vore nokre smellar denne cupen og.
— Når det er så mange i aksjon, er det klart at det blir nokre skadar. Det høyrer med at det blir nokre forstuingar, hadde cupen vore utan, hadde ikkje spelarane trødd til nok i taklingane, seier Sølvberg.
Inne på Enge skule var mange lag innlosjerte for helmmunen i dag som er viljuge til å bidra til å sy saman ei totalpakke.
• All forsking på småkommunar og legerekruttering viser at det er dei kommunane som har turnuskandidat som lettast rekrutterer nyutdanna legar. Turnuskandidat skal ha rettleiing og oppfølging, men både i Skjold og i Vikedal er det legar som er kompetente til dette, og der er kontorlokale til formålet. Underteikna har tidlegare teke dette opp med administrasjonen, ikkje minst for å sikre rekrutteringa av legar med gode norskkunnskapar.
• Ein burde og vere aktive i høve legar som er busette i kommunen/nærområdet ved å ta direkte kontakt med desse med tanke på sikre lege til den ledige heimelen i Vikedal.
For Vindafjord Høgre er det viktig med stabil legeteneste både i Skjold, Ølen og Vikedal. Då vert det feil å flytte fastlegeheimlar mellom bygdene.
Terje Kleiven
Listekandidat Vindafjord Høgre