Høgre og skipsfarten

Sjølvskryt skal ein lytta til, for det kjem frå hjarta heiter det. Men det er […]

Sjølvskryt skal ein lytta til, for det kjem frå hjarta heiter det. Men det er også eit ord som seier at ein må skryta sjølv, for ein har ikkje bygda å lita på.
Det må vera dette som er situasjonen når representantar frå Høgre i eit lesarinnlegg prøver å rosa sitt eige parti for den innsatsen dette partiet har gjort for skipsfarten. Dei som har følgt med veit at Høgre sin innsats på dette området stort sett har vore å trø på bremsen.
Hausten 2001 føreslo Stoltenberg-regjeringa same rammevilkår for dei norske utanlandsferjene som det konkurrentane deira i Sverige og Danmark har. Den nye Regjeringa føreslo å fjerna desse ordningane straks den tiltrådte. Også året etter prøvde den det. Etter prinsippet – alle gode ting er tre – har  Regjeringa fremja forslaget på nytt. Denne gang lukkast Regjeringa. Med støtte frå SV.
Hausten 2002 fremja AP eit forslag om å gi offshore-båtane dei same ordningane som andre land sine båtar har. Høgre kjempa mot med nebb og klør. Men ordninga vart gjort gjeldande frå 1. juli 2003. Tre månadar seinare føreslo Regjeringa å fjerna ordningane igjen.
I vår har skipsfarten sine kår vore oppe til  handsaming på Stortinget. Arbeidarpartiet ville at kystfarten vår også skulle få denne typen ordningar. Det sette Høgre ein stoppar for.
Skal norsk skipsfart overleva, og skal det vera nordmenn på båtane langs kysten vår, må me ha om lag dei same rammevilkåra som landa rundt oss. Det største hinderet for å få det til har vore Høgre.
Det overraskar meg at det er noko å skryta av.

Olav Akselsen,
stortingsrepresentant Ap