Mange opplevingar med Zporty

For tredje år på rad drar Frank Abelseth i gang Zportyfestivalen, som har hatt innom […]

For tredje år på rad drar Frank Abelseth i gang Zportyfestivalen, som har hatt innom hundrevis av unge deltakarar på ulike aktivitetar kvart år. Tysdag morgon til torsdag kveld vert det aktivitetar som skal få ungane til å leika, læra og leva. Festivalen utviklar og veks kvart år, og har i år seks nye aktivitetar å tilby.
— Skogvaktaren og sirkusartisten er to av dei mest spesielle nye aktivitetane, seier Frank Abelseth. Til aktiviteten sirkusartisten er profesjonelle folk frå sirkusskulen ved Cirkus Sibylla leigd inn for å lære opp deltakarar frå sju år og oppover. Sirkuskunster og sprell du ser på sirkus får du nå sjansen til å lære deg sjølv, og du vil få innsikt i korleis sirkuslivet verkeleg er. På onsdagskvelden vert det ein times sirkusframsyning der sirkusdeltakarane skal visa fram det dei har lært på tolv timar sirkusøving.

Naturopplevingar
Slik som utviklinga har vore den siste generasjonen, har digitalverda tatt over og naturen vert ikkje nytta like mykje lenger. Dette er noko av det Frank Abelseth gjerne vil ta tak i.
— Folk veit ikkje lenger kva dei har 200 meter bak huset i skogen. Det er så mykje opplevingar og flotte turar ein kan ta i naturen. Me håpar folk får auga opp og ser kva me har her i verda, seier han, og nemner spesielt aktiviteten skogvaktaren. Skogvaktaren gir deltakarane ei oppleving i naturen dei aldri før har fått før. Skogsturen går inn og ut av skogar, oppover med stige og tau og ut på berg med ei enorm utsikt. Til slutt fører turen frå Låkafossen fram til dei mange småhusa der skogvaktaren bur. Ole Fatland har bygd opp fleire småhus som spelar i eitt med naturen og er bygd inntil berg.
— Det er ein fantastisk jobb han har gjort her. Dette passar perfekt til aktiviteten, seier Abelseth. Gjennom dei mange timane ute i naturen vert det fortalt om planter, tre og e avklarar alt. Det gjeld stemmen ved inntaket og dammane på fjellet. Dette må vi vurdere saman med advokaten vår. Men at der ikkje eksisterer ein leigeavtale lenger, er opp og avgjort, seier Magne Olseth.
Styreformann Geir Olsen i Skånevik Vannverk meiner lagmannsretten og no avvisinga i kjæremålsutvalet, har parkert alle stridsmåla.
— Vi har sikra oss alle rettar til vassressursen og gjort opp for det. No har vi fått ei endeleg stadfesting på at vi har hatt rett. Eg håpar at det no blir fred, men i denne saka er det umogleg å seie noko sikkert, seier Olsen.

Angrar ikkje
For Olseth og Bull-Tornøe betyr rettsrunden fram til kjæremålsutvalet ei samla utgift på rundt ein halv million kroner. Dei må betale Skånevik Vannverk 218.879 kroner for å dekke vassverket sine utgifter i rettsapparatet.
— Det er sure pengar, men det blir feil å seie at vi angrar. Eg synst ikkje vi hadde noko anna val enn å gå til rettsapparatet då vassverket sa opp avtalen og ikkje ville betale leige. Vi hadde jo vunne fram i Høgsterett, seier Olseth.
Skånevik Vannverk har på si side hevda at premissane for ein leigeavtale var endra gjennom at dei har bygt nytt anlegg, og at dei har alle nødvendige avtalar i orden. Det fekk dei støtte for i lagmannsretten.