Høgsterett avviste drikkevatn

Dermed blir dommen frå Gulating lagmannsrett ståande som det endelege svaret at Skånevik Vannverk hadde […]

Dermed blir dommen frå Gulating lagmannsrett ståande som det endelege svaret at Skånevik Vannverk hadde rett til å seie opp leigeavtalen med eigarane av Milje gard, Margaret Bull-Tornøe og Magne Olseth.
Striden i Skånevik har dermed gått gjennom den andre runden heilt til Høgsterett. I 1999 passerte striden kjæremålet og gav Milje medhald i den dåverande striden.

Krig og fred
Magne Olseth fekk vite om utfallet i kjæremålsutvalet på fredag, og han var skuffa over at anken vart avvist.
— Klart eg er skuffa, men det er sikkert andre som feirar. Saka vart ikkje vurdert som prinsipiell nok. Eg meiner dommen i lagmannsretten ikkje avklarar alt. Det gjeld stemmen ved inntaket og dammane på fjellet. Dette må vi vurdere saman med advokaten vår. Men at der ikkje eksisterer ein leigeavtale lenger, er opp og avgjort, seier Magne Olseth.
Styreformann Geir Olsen i Skånevik Vannverk meiner lagmannsretten og no avvisinga i kjæremålsutvalet, har parkert alle stridsmåla.
— Vi har sikra oss alle rettar til vassressursen og gjort opp for det. No har vi fått ei endeleg stadfesting på at vi har hatt rett. Eg håpar at det no blir fred, men i denne saka er det umogleg å seie noko sikkert, seier Olsen.

Angrar ikkje
For Olseth og Bull-Tornøe betyr rettsrunden fram til kjæremålsutvalet ei samla utgift på rundt ein halv million kroner. Dei må betale Skånevik Vannverk 218.879 kroner for å dekke vassverket sine utgifter i rettsapparatet.
— Det er sure pengar, men det blir feil å seie at vi angrar. Eg synst ikkje vi hadde noko anna val enn å gå til rettsapparatet då vassverket sa opp avtalen og ikkje ville betale leige. Vi hadde jo vunne fram i Høgsterett, seier Olseth.
Skånevik Vannverk har på si side hevda at premissane for ein leigeavtale var endra gjennom at dei har bygt nytt anlegg, og at dei har alle nødvendige avtalar i orden. Det fekk dei støtte for i lagmannsretten.