Høgt nivå og strålande sol

I kvinneklassen var det spesielt to par som utmerka seg med framifrå volleyballkunstar, og det […]

I kvinneklassen var det spesielt to par som utmerka seg med framifrå volleyballkunstar, og det var berre rett og rimeleg at desse fire spelte seg fram til finalen.
Toril Øyan frå Vik i Sogn fekk revansje for finaletapet i Vikedal i fjor. Med Notodden-jenta Hilde Schjerven som ny makker, gjekk ho heilt topps. Finalesigeren med 2-0 i sett over Asta Hoem frå Molde og Toril Høsøien frå Bekkestua var fortent, men kampen var tett og velspelt frå første til siste ball.
I bronsefinalen vann Kristine Fossen og Katrine Emanuelsen 2-0 mot Janne Kongshavn og Anja Jugo. Haugesunds-jenta Kongshavn lukkast ikkje med å forsvara bronsemedalja frå i fjor.
Sluttresultatet frå herreklassen, der finalane gjekk søndag ettermiddag, kjem i torsdagsavisa.
Eitt nivå opp
Det er sjette gongen sandvolleyentusiastane i Vikedal arrangerer rankingturnering. Årets turnering var på nivå 1, eitt år høgare enn i fjor. Ny sand var frakta inn direkte frå Stavanger World Tour til det flotte anlegget, og speleforholda var bortimot optimale
Familieoppgjer
Arrangørklubben Vikedal IL var representert ved fire kvinner og ein mann, alle saman er i nær familie. Søsterparet Tone Andreassen og Anne Berit Tveit gjorde det godt, men måtte strekkja våpen mot bronsevinnarane. Eit litt spesielt oppgjer var den aller første kampen, då søsterparet Nina og Kristina Andreassen måtte finna seg i å tapa for mora si og tanta si.
I herreklassen var det onkel og svoger Berge Severin Andreassen som forsvarte arrangørklubben og Vikedal IL si ære.
Tidleg krøkast
Formann i Vikedal IL, Anja Skjold, imponerte og sjarmerte då ho dømde heile bronsefinalen med tre månader gamle Bjørnar hengjande i bæresele på magen. Først ved første av to matchballar vakna Bjørnar og gav lyd frå seg.
— Eg er glad det ikkje vart ein tresetts kamp, var kommentaren frå den stolte mora etter at Bjørnar hadde debutert som assistentdommar.