Høgt nivå på ungdomsmønstring 

Det gjorde Rullestad-guten i etterkant av si første landsmønstring i Ungdommens Kulturmønstring. 17-åringen var glad […]

Det gjorde Rullestad-guten i etterkant av si første landsmønstring i Ungdommens Kulturmønstring. 17-åringen var glad han tok utfordringa og stilte opp i Olavshallen.
— Eg kan godt tenkje meg å reise tilbake ettersom dette er noko av det festlegaste eg har vore med på. Først og fremst fordi eg blei kjent med fleire og fekk mange nye impulsar. For meg var det utruleg lærerikt å tilbringe fire dagar saman med så dyktige ungdommar, sa ein audmjuk Tor Christian til Grannar. Den reflekterte tenåringen knytte venskapsband på tvers av kommune- og fylkesgrensene. Det var teiknetalentet som førde han til Trondheim.
Både juryen lokalt og i fylkesmønstringa falt for det han hadde laga. Det var i etterkant av fylkesmønstringa Engdal fekk beskjed om at han kunne reise til Trondheim på fylkeskommunen si rekning. Engdal er meir ivrig på å prate om opplevinga enn seg sjølv.
— Eg hadde ingen spesielle forventingar då eg reiste til Trondheim som for øvrig er ein flott by. Det eg fekk vere med på i den trønderske hovudstaden, bidrar kanskje til at eg stiller opp i UKM fleire gonger, seier Engdal. Han er innforstått med at det er mykje som skal klaffe for at han kjem seg vidare til fylkes- og landsmønstringa som er målet for mange.
600 deltakarar
Det var berre 600 av dei nærmare 30 000 UKM-deltakarane som kom så langt. Ein god del viste interesse for Tor Christian sine produkt. Responsen og tilbakemeldingane var gode. Engdal kan tenkje seg å gjere hobbyen til levebrød. Men er usikker på om det er marknad for slikt i Noreg. Spesielt såkalla store ruter som han benyttar i sin produksjon. Den spesielle hobbyen har allereie skaffa guten stor merksemd. Engdal har vore interessert i teikning så lenge han kan hugse. Det kjem nok også til å bli hans store hobby i åra som kjem.