Prosjektleiar Odd Sæveraas, som kjenner den nye veghistoria frå Kyrping til Rullestad som si eiga bukselomme, leia den høgtidelege stunda ved tunnelmunninga. Med ekko frå dei høge Rullestadfjella, helsa ordførar Amund Enge velkommen til vegopninga.
— Eg er stolt og kry i dag. Det varmar hjarta å sjå at så mange feststemde menneske har funne vegen hit for å vera med på denne høgtida. Det viser kor viktig denne hendinga er. Når me no om kort tid skal kjøra gjennom den nye tunnelen og tilbake over gamlevegen, kan me undra oss over at det har gått bra. Spesielt når til dømes to trailerar skulle passera kvarandre opp Rullestadjuvet. Men nå er denne flaskehalsen historie. Om ikkje lenge er det vegopning på den siste biten austover og inn i Odda kommune. Då er det berre den «litle» stubben frå Håland til Håfoss som står igjen. Når den er ferdig, er det for alltid slutt på geitastien langa Åkrafjorden, sa Enge.
350 millionar
Regionvegsjef Ole Christian Torpp drog så ein kort gjennomgang av vegprosjektet i kroner og kilometer.
— Dette prosjektet har kosta 244 millionar kroner, før det nå står igjen 1,5 kilometer mot Odda kommune. Totalt vil anlegget komma på 350 millionar kroner på den ei mil lange streknigna, sa Torpp.
Det var Mesta som vann anbodet og anleggsarbeidet blei starta i mars 2004. Strekninga er på 6500 meter, derav 2950 i tunnel med ei breidde på 11,5 meter. I tillegg er det bygd lokale vegar og undergangar og elles lagt til rette for landbruket og dei som bur på Rullestad. Torpp takka naboane til anlegget for deira tolmod i anleggstida.
— Det er alltid dei som får belastninga i ein utbyggingsperiode. Dei her inne har vist stort tolmod, sa Torpp.
Starta i 1912
Sjølv om anlegget no er opna for trafikk, står det att litt sidearbeid. Men det blir ikkje gjort ferdig før etter sommarferien. Det var viktig for vegvesenet å få opna vegen før ferien. Normalt passerer 1400 kjørety i døgnet på denne strekninga, i sommartrafikken det doble.
Også statsråd Liv Signe Navarsete helsa dei frammøtte og kunne fortelja at arbeidet med vegen som nå blei avløyst, starta i 1912. Så det har vore lang veg fram.
— Nå blir den gamle vegen sett på med skrekk og gru, men òg som ei spesiell oppleving for dei som vil kjøra gamlevegen. Då eg såg på desse «trollungane» som kom springande ut av fjellet, tenkte eg at det er jo for ungane og framtida me byggjer veg. Det er på den måten me byggjer landet, sa Liv Signe Navarsete før ho føretok den høgtidelege handlinga.
Deretter gjekk det med buss gjennom tunnelen og tilbake over gamlevegen før følgjet med innbodne gjester sette seg rundt festduka bord på Åkrafjordtunet.
Høgtid og fest under stupbratte fjell
Prosjektleiar Odd Sæveraas, som kjenner den nye veghistoria frå Kyrping til Rullestad som si eiga […]