Høgtid

Mange tusen barn gruar seg spesielt til jul fordi ein av foreldra har eit stort […]

Mange tusen barn gruar seg spesielt til jul fordi ein av foreldra har eit stort forbruk av alkohol eller andre rusmiddel.
Mange kvir seg også fordi dei sit åleine i det som skal vera ei familiefeststund. I tillegg slit mange med dårleg økonomi slik at dei ikkje kan kjøpa dei dyre julegåvene «alle andre» barn får, og som helst skal vera dyrare og større enn dei i fjor. Jula blir med andre ord ikkje den festtida ho er meint å vera.

Det finst ingen enkle svar på korleis ein skal få alle til å gleda seg til jul. Hadde ein hatt det, hadde det vel vore gjort noko med dette for lenge sidan. Å gje gåver til familie og vener er jo veldig bra, og mange gjev også gåver til ulike velgjerande føremål. På den måten deler ein med andre. Mykje handlar nettopp å bry seg om andre enn seg sjølv, og å sjå dei som ikkje har det godt.
Ved mange høve kan det vera nok med eit lite smil eller ei anna merksemd som ikkje kostar noko. På den måten viser ein at ein ser andre, og andre kjenner seg sett på ein god måte. Så lett kan ein gjera litt.

Ein ting som også er viktig, er å ta omsyn til seg sjølv. Oppi alt kavet, stresset og maset før jul, druknar også det jula eigentleg handlar om. Me gløymer fort at jula er ei kristen høgtid og som først og fremst handlar om Gud som vart menneske, tilgjeving og ein ny start for alle. Kanskje får me litt tid til å tenkja på Jesusbarnet i krybba i det me hastar til kyrkja klokka ti på fire julaftan for å få med oss «Deilig er jorden» og for å finna freden, roen og julestemninga.
Det er framleis nokre dagar igjen til jul. Kanskje det er på tide å gje blaffen i at me ikkje klarte alle sju sortane og ikkje fekk vaska alle glas og golv. Kanskje det er på tide å setja seg ned, finna roen alt no og kjenna etter at det er ei høgtid me feirar. God jul.