Høgtideleg festmiddag

— Dette er ikkje noka feiring, men ei markering av at nå er kommunen i […]

— Dette er ikkje noka feiring, men ei markering av at nå er kommunen i gang, og er ved ein milepæl. Me har framleis mange utfordringar framfor oss, understreka ordførar Arne Bergsvåg i talen sin til dei spesielt inviterte gjestene.
— Me er ei lita veke inni det nye tilværet vårt og det er tidleg å seia om det har vore vellykka eller ikkje. Det har vore ein lang prosess, sa Arne Bergsvåg.
Fylkesmann Tora Aasland, fylkesordførar Roald Bergsaker og nokre av Rogaland sine stortingsrepresentantar, Finn Martin Vallersnes (H), Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), Torfinn Opheim (Ap) og Solveig Horne (Frp), var med og kasta glans over markeringa laurdag ettermiddag. Også ordførarar frå kommunane i regionen vår og gamle og nye kommunestyrerepresentantar var til stades ved festmiddagen i Ølen Samfunnshus. Høgre-leiar Erna Solberg meldte derimot avbod i siste liten.

Historisk vegskifte
Fylkesmann Tora Aasland uttrykte glede over at samanslåinga endeleg er i gong.
— Motvind og ulike oppfatningar har det vore i prosessen, og det vil vera ei utfordring å leva saman i ein ny kommune, men kommunen har tidlegare vist at den er framsynt, har pågangsmot og uthaldenhet. Eg er imponert over vitaliteten og engasjementet de har vist, sa fylkesmann Tora Aasland til forsamlinga.
Fylkesordførar Roald Bergsaker meinte det er gledeleg at dei to ordførararane i dei gamle kommunane står i spissen for arbeidet i den nye kommunen.
— Spesielt interessant er det at kommunane på frittståande grunnlag har gått inn i ein slik prosess. La oss håpa at den nye kommunen blir ein vinn-vinn-situasjon, og kanskje har det ein smitteeffekt, sa Bergsaker.

Føregangsfigur
Stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa innrømte at det hadde vore ei utfordring å ha ein så aktiv Sp-ordførar som arbeidde for samanslåing.
— Mange kommunar vil slå seg saman, men får det ikkje til. Det blir viktig å følgja Vindafjord i framtida, for det som denne kommunen har gjort, vil bety mykje for andre i framtida, sa Meltveit Kleppa.
Også stortingsrepresentant Finn Martin Vallersnes kom med helsing, i tillegg til Jorunn Skåden, ordførar i Sveio og leiar i Haugalandsrådet, og Helge André Njåstad, ordførar i Austevoll og leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Politimeister Karl Henrik Sjursen takka for maten.
På menyen stod hummarsuppe til forrett, heilsteikt lammefilet med fløytegratinerte poteter og lammesaus til hovudrett og Panna Cotta med skogsbær til dessert.
Kulturskulen i Vindafjord, som allereie har vore slått saman i nokre månader, stod for dei musikalske innslaga på festen. I tillegg blei Vindafjordsongen, skriven av Senterparti-politikar Åsmund Kalstveit, urframført av Skjold Songkor og Kor Innante.