Høgtideleg opning av gang- og sykkelsti

— Med denne gang– og sykkelstien er me komne eit skritt vidare mot målet å […]

— Med denne gang– og sykkelstien er me komne eit skritt vidare mot målet å ha om null drepne i trafikken. Men det er kolossalt viktig at me tenkjer trafikksikring sjølv om me no får ein gang– og sykkelsti, sa ordførar Arne Bergsvåg i sin opningstale.
Han la òg vekt på at det er svært viktig at foreldra er bevisste på å vera gode forbilde for ungane i trafikken, og at skulen fokuserer på trafikksikring.
Då ordføraren hadde sagt sitt, gav han ordet til regionvegsjef Ole Kristian Torp. Han rosa entreprenør Ernst Grindheim for eit godt stykke arbeid, og takka sentrale personar i vegvesenet og Ølen kommune. Han var òg stolt over å kunne seia at strekninga har halde seg innanfor dei kostnadsrammene som var sette til prosjektet. Den nye gang– og sykkelstien hadde eit budsjett på 2.9 millionar kroner, og då var det også pengar til lys på strekninga.
Klipte snora og las dikt
Njål Hetland fekk æra av å stå for den offisielle opninga. Han representerte ein av dei som kjem til å bruka den nye vegbiten mest, nemleg elevane ved Vågen skule. Han las eit flott dikt og klipte snora, noko som utløyste ei real klappsalve frå dei mange frammøtte. Korpset i Ølen spela deretter nasjonalsongen, før dei marsjerte til Vågen skule med publikum på slep. Jorunn Halsnes frå Ølensvåg var førstemann over gang– og sykkelstien og fekk difor ein fin blomebukett av regionvegsjef Ole Kristian Torp.