Høgtideleg vigsling

Mange møtte fram til vigslingsgudstenesta i Ølen kyrkje i går. Dei frammøtte fekk ta del […]

Mange møtte fram til vigslingsgudstenesta i Ølen kyrkje i går. Dei frammøtte fekk ta del i ei gudsteneste prega av høgtid og barne –og ungdomsinnslag. Det var to damer som stod i sentrum for all merksemd denne dagen. Britt Karstensen vart vigsla til kateket, og Solveig Sukka frå Sauda vart vigsla til diakon. Biskop Baasland sa i sin tale at han var sikker på at dei to damene ville profilere kyrkja på ein flott måte.

Barnesong
Etter at Britt Karstensen og Solveig Sukka frå Sauda kom inn i prosesjon med mellom anna biskop Ernst Baasland og prost Arne O. Øystese, stilte Ølen Barnekor/Barnegospel og deira dyktige dirigent Liv Herborg Wold seg opp. Dei song to songar og sjarmerte alle dei frammøtte. Fleire av borna var så modige at dei song solo.
Eit anna innslag som gjorde inntrykk var Anders Vaka som song og spelte piano. Han framførte songen «Se i nåde til oss».
Konfirmantane hadde og fleire oppgåver under gudstenesta. Mellom anna aktiviserte dei dei aller yngste i kyrkja med teikning under den litt lange vigslingsseremonien.

Sitt andre besøk
Biskop Ernst Baasland gjesta Ølen kyrkje for andre gong. Sist gong han var i kyrkja var i samband med kommunesamanslåinga.
— Eg synest det er svært fint at så mykje barn og ungdom deltek i dagens gudsteneste, sa Baasland.
Han fortalde litt om kva oppgåver som høyrer til stillingane som kateket og diakon.
— Som diakon står ein sentralt i eldrearbeid, sorgarbeid og fattigdomsbekjemping. Oppgåver som er kome til i dei seinare år er å i ivareta miljøet, og arbeide med ungdom som har rusproblemer. Som kateket arbeider ein aller mest med trusopplæring av born og konfirmantar, seier han.
Ernst Baasland fortalde litt om bakgrunnen til Britt Karstensen og Solveig Sukka.
— Britt Karstensen er utdanna lærar og har fungert som kyrkjelydspedagog ei god stund allereie. Ho har vore svært viktig for kyrkja i Ølen og vil vera det framleis. Solveig Sukka har mellom anna vore varaordførar i Suldal, fortalde biskop Baasland.
— Eg er sikker på, at med den bakgrunnen som desse to damene har, så kjem dei til å profilere kyrkja på ein flott måte, seier Ernst Baasland.